Debutsingel fra Beforefrances – “Satan in the Suburbs”


Island Records» nysignerte indie pop-duo, Beforefrances, delar debutsigelen «Satan in the Suburbs” i dag.

Heidi Musum og Atle Nordby møtte kvarande i ungdomstida då vei vaks opp i Fetsund. Dei fant kvarande gjennom deira felles kjærleik for musikk på ein stad det ikkje alltid var lett å vere anleis. Dei reiste på konserta, gjekk gjennom hjartesorg og seine køyreturar saman, samtidig som dei song og gret til favorittmusikken sin i timevis. Etter vidaregåande skilte dei vegar. Atle reiste til USA for å skrive, og Heidi var gatemusikar i Stockholm, før dei vart gjenforeint i Oslo for åskrive musikk saman. Her vart Beforefrances til.

Debutsingelen “Satan in the Suburbs” skildrar kjensla av sjølvforakt, einsomheit og utanforskap på ein lett og nesten flørtande måte. Låta er skriven om ein destruktiv tid, der ein berre har lyst til å lukke augo medan ein køyrer gjennom alle raude lys i trafikken for å sjå om ein føler noko. Ein veit det er feil, men klarer ikkje å bry seg sjølv om det går utover deg sjølv og dei du er glade i.

Inspirert av Frank Ocean, The xx, Phoebe Bridgers og Bon Iver, lagar Beforefrances musikk som det ord opå dei overveldande og abstrakte tankane ein kan ha gjennom livet.