Sommarutfarten: Fleire reiste i år enn i fjor


4,8 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i juli. Dette er 15 prosent fleire enn i juli i fjor, men 5 prosent færre enn same månad i normalåret 2019.

– Vi har hatt litt fleire reisande i juli enn i juni, og juli går dermed inn som månaden med flest reisande i år, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise.

– Kombinasjonen av jobb- og feriereiser gjer at juni som oftast er månaden med mest trafikk, men i år ser vi at juli har litt høgare volum. Juli er i langt større grad prega av ferietrafikk, og samanlikna med juni har innanlandsreiser gått litt ned, medan utanlandsreiser har gått opp.

– At juli i år er månaden med høgast trafikk, til skilnad frå 2019, kan nok kome av at ferie- og fritidsreiser har henta seg inn att mykje sterkare enn arbeidsreiser, og då kjem toppen i juli framfor i juni, seier Riise.

Passasjertal

2 268 000 passasjerar reiste innanlands i juli. Dette er 17 prosent fleire enn i juli 2022. Trafikken utanlands, med 2 528 342 passasjerar, har auka med 14 prosent samanlikna med i fjor, men er framleis 8 prosent lågare enn i juli 2019.

– Det er ein markant auke i antal reisande samanlikna med i fjor, både innanlands og utanlands. Årsaka kan nok i stor grad forklarast av streikane i luftfarten her i landet og utfordringane på flyplassane i Europa i fjor sommar, seier Riise.    

Flyrørsler

Det var 62 027 kommersielle flyrørsler i juli 2023. Dette er 4 prosent fleire enn i juli i fjor. Om ein samanliknar med juli i 2019, har det vore ein nedgang i talet på flyrørsler på 8 prosent.

Hittil i år samanlikna med 2019

Om ein samanliknar talet på passasjerar så langt i år med same periode i 2019, ser ein at vi no ligg 11 prosent bak normalåret 2019. Talet på flyrørsler så langt i år er 7 prosent bak 2019. Sjå alle tal i vedlegget «07.2023».

Framleis auke i flyging med dronar

I juli vart 1 103 flygingar med drone meldt inn i Ninox Drone, Avinor sitt system for handtering av dronar. Dette er ein auke på heile 164 prosent samanlikna med juli 2022.

– Juli er ein månad kor mange har ferie, men vi ser framleis ein sterk vekst i bruk av dronar, seier Axel Knutsen, leiar av droneprogrammet til Avinor.

Så langt i år er auken 120 prosent sett mot fjoråret.

– Med det passerer vi allereie i juli 2023 det totale antallet flygingar i 2022.

– Det er dessverre framleis mange som ikkje kan reglane for droneflyging. Dette gjer at ein del flygingar er ulovlege, og kan vere til stor fare for andre i luftrommet. Vi oppfordrar alle til å sette seg inn i regelverket før dei flyr. Vi viser til www.avinor.no/droner kor reglane kjem tydeleg fram, seier Knutsen.


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.