E6 og rv. 4 opna: Tungtrafikk bør køyre Østerdalen


I går kveld åpnet siste del av E6 mot Trondheim, og med det er hele E6 åpen igjen, med omkjøring enkelte steder. I morgentimene kunne man også åpne siste stengte del av rv.4 på Gjøvik.

I går kveld opna siste del av E6 mot Trondheim og med det er heile E6 opna att, med omkøyring nokre stadar. I morgontimane kunne ein også opne den siste stengte delen av riksveg 4 på Gjøvik.

– Stor innsats frå mange gjer at vi stadig opnar nye vegstrekningar, seier Cato Løkken i Statens vegvesen. Men understrekar at det kan ta noko tid å friskmelde alle vegane. Det er framleis fare for utglidingar når vatnet trekk seg attende. Difor har vegvesenet folk ute for å vurdere skadeomfanget.

Det pågår reparasjonsarbeid også i dag for å få i stand vegnettet. Trafikantane kan vere trykke på at vi kun opnar vegane når dei er trygge seier Løkken.

Tungtrafikk bør køyre Østerdalen

At E6 er open betyr ikkje at alle bør køyre her. Det er framleis omkøyring via mindre vegar, som ikkje eignar seg for tungtrafikk. Dette gjeld strekningane Harpefoss- Frya, Fåvang sentrum og Tretten sentrum.

– Vi oppmodar tungtransport til å velje riksveg 3 Østerdalen når dei skal nordover. Der er framkomelegheita best, sier Løkken.

E134 Drammen – Hokksund er no heilt stengt på grunn av vannstanden. Omkjøring er framleis via rv. 350 og fv. 283, på motsett side av Drammenselva.