Topp 5 yrker akkurat no

    Jobbanalytikar og leiar i FINN jobb, Christopher Ringvold. Foto: FINN.

    Tidlegare i sommar viste tal frå FINN jobb at det også i andre kvartal i år var ein nedgang i talet utlyste stillingar i jobbmarknaden. Talet stillingar fall med 18 % mot andre kvartal 2022, og dette var då tredje kvartal på rad der volumet av utlyste stillingar fell.

    I følgje Christopher Ringvold, jobbanalytikar og leiar på FINN jobb, viser utviklinga ein markant endring i etterspurnaden etter arbeidskraft. 

    – Dette er eit klart teikn på at økonomien vert nedkjøpt, seier han.

    Likevel er det ikkje «heilsvart» i den norske arbeidsmarknaden.

     – Til tross for eit betydeleg fall hittil i år, er det framleis solid etterspurnad etter arbeidskraft, fortel analytikaren.

    I følge Ringvold er edet særleg fem stillingskategoriar som utpeikar seg viss ein går inn på FINN jobb for å søkje no:

    – Helsepersonell og ingeniørar er blant yrka vi ser mest etterspurt i form av stillingsutlysingar på FINN jobb akkurat no. I desse kategoriane ser vi det framleis er høg etterspurnad, så viss du har relevant erfaring eller kompetanse, er det gode moglegheiter for å sikre seg ein jobb.

    Her er topp 5 mest etterspurte yrker og stillingar akkurat no:

    1. Helsepersonell

    Desse funksjonane er mest utlyste innanfor «helsepersonell»:

    1. Vernepleiar
    2. Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
    3. Psykolog

    2. Ingeniør

    Desse fagområda har flest stillingsutlysingar innanfor «ingeniør»:

    1. Elektroingeniør
    2. Automasjon og instrument
    3. Bygge- og anleggsteknikk

    3. Sjukepleiar

    Dei tre områda med høgaste etterspurnad er:

    1. Eldreomsorg
    2. Psykiatri
    3. Intensiv

    4. Leiing

    Dei tre bransjane med aller størst behov er:

    1. Offentleg administrasjon
    2. Bygg og anlegg
    3. Helse og omsorg

    5. Rådgiving

    Dei tre bransjane med aller størst behov er:

    1. Konsulent og rådgiving
    2. Offentleg administrasjon
    3. Bygg og anlegg

    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.