No startar den store jaktsesongen


Bukkejakta er startskotet for haustens eventyr for tusenvis av norske jegerar.

Den vanlege jakta på rådyr startar 25. september, men ein kan jake rådyrbukk frå 10. august. I motsetnad til mykje anna jakt, føregår denne jakta gjerne nær befolkning.

I skogbelter ned mot dyrka mark

– Rådyrjakt kan skje heilt inn mot byområde. Typiske jaktområde er kantsoner og i skogbelter ned mot dyrka mark. Det betyr at mange no vil få med seg at jaktsesongen er i gang, seier fagsjef for jakt og fiske i Statskog, Jo Inge Breisjøberget.

Rådyr er det minste storviltet i Noreg.

Vanleg rådyrjakt kan gjerast med rifle og hagle, og ein kan bruke jakthund. I bukkejakta kan ein ikkje ta med seg hund, og kun rifle er lovleg. Det er vanlegast å jakte bukk gjennom å lokke på dyra ved å sitje på post langs trekkruter.

34 000 rådyr vert felt årleg

Talet på felte rådyr i Noreg aukar jamt og har passert 34 000 dyr årleg. Det vert felt flest i Viken, dernest følgjer Trøndelag, Agder, Vestfold og Telemark.

– Jakt gjev flotte opplevingar i naturen, og ein god regulering gjev sund, bærekraftig kjøtt og færre påkøyrslar av vilt, seier Breisjøberget.

Hjortejakt

Det neste store er hjortejakta som startar 1. september. Talet på felte hjort har auka kraftig og ligg på om lag 50 000 dyr årleg. Vestland fylke er det desidert viktigaste fylket for hjortejakt. Det vert om lag halvparten av all hjort i Noreg felt.

Rype- og skogfugljakt startar 10. september. Talet rype- og skogfugljegerar varierer meir saman med bestand variasjonar, men kan i eit normalår estimerast til over 60 000 jegerar.

Rype, skogsfugl og elg

– Jakt på hjort, rype og skogsfugl representerer jaktstart for veldig mange. Titusener av jegerar dreg til skogs og fjells, seier Breisjøberget.

Elgjakta startar 25. september. Det vert felt drøyt 30 000 leg i Noreg fordelt på nær 60 000 jegerar.

Statskog gjer tilgenge jakt og fiske på 33 millionar dekar statsgrunn i heile landet. Kor mange som slepper til jakt årleg vert vurdert utfrå ein årleg bærekraftvurdering. Det vert brukt betydleg ressursar på kartlegging av bestand før jakt.