Statens vegvesen har forsterka beredskap, blant anna med patruljering av strekningar som er spesielt utsett for skred og flom.
– Vi oppmodar folk til å følgje med på vêr- og vegmeldingar og vurdere behovet for å køyre. Både flom, jordskred og velta trær kan føre til at vegar vert stengt. I tillegg kan vegar bli stengt på grunn av fare for flom og skred, seier avdelingsdirektør Cato Løkken i Statens vegvesen.
Faresignal
Statens vegvesen patruljerer dei mest utsette strekningane i Sør-Noreg og ser spesielt etter desse faresignala:
- Intenst regnvêr
- Stor vassføring i bekkar og elvar
- Jordfarga vatn
- Erosjon langs bekkar og elvar
- Bekkar som tek nye løp
- Overvatn i terrenget
- Utilstrekkeleg drenering
- Sprekkar og sig i terrenget
- Observerte utglidningar og jordskred i nærleiken av veg
Desse signala er nyttige også for folk som følgjer med i sitt nærområde eller er ute og køyrer. Observasjonar kan meldast til Vegtrafikksentralen på telefon 175.