Fleire helsefarlege stoff i leiketøy kan bli forbode


For å gjere leikar til barn tryggare, foreslår EU å skjerpe reglane for helsefarlege stoff i leiketøy og forbetre tilsynsarbeidet.

– Noreg har saman med fleire andre land vore pådrivar for at det skal bli enklare å regulere stoff i leiker til barn, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Fleire krav og meir kontroll

Leiketøy du kjøper i Noreg må følgje dei kjemiske og fysiske tryggingskrava gitt i leiketøyregelverket. I dag er det til dømes reglar for kreftframkallande stoff i leiketøy.

For å gjere leiketøy endå tryggare, er det særleg reglane for bruk av kjemikaliar og reglane for tilsynsarbeid som EU foreslår å forbetre. Nokre av tiltaka som blir foreslåtte er:

  • å innføre eit generelt forbod mot stoff som er hormonforstyrrande, som påverkar respirasjonssystemet, eller som er giftige for spesifikke organ
  • å gjere det enklare å regulere farlege stoff i leiker for barn over tre år
  • endringar som skal føre til betre overhalding og handheving av regelverket

Barn er meir sårbare for kjemikaliar

Dei kjemiske eigenskapane til leiketøy er strengt regulert, hovudsakleg gjennom eit eige leiketøyregelverk. Dette er eit felles europeisk regelverk som også gjeld i Noreg som følgje av EØS-avtalen.

EU foreslår no å innføre endringar i leiketøyregelverket for å sikre at det blir endå betre. Forslaget kjem som følgje av ei vurdering av det noverande regelverket og for å følgje opp måla frå EUs kjemikaliestrategi.

– Noreg har i mange år vore eit av dei leiande landa i Europa og globalt i arbeidet for å forby og avgrense bruken av farlege stoff. Miljødirektoratet deltek i aktivt inn i EUs arbeid med leiketøyregelverket der vi bidreg til skjerpa regulering av stoff som er helsefarlege, seier miljødirektør Ellen Hambro.