Vegar kan bli stengde på kort varsel på grunn av styrtregn


Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel om styrtregn i delar av Møre og Romsdal, frå onsdag ettermiddag. Statens vegvesen åtvarer om at veret kan føre til at vegar kan bli stengde på kort varsel.

Det er i ytre strok av Nordmøre og Romsdal at det er mest sannsynleg med styrtregn. Varselet frå Meteorologisk institutt er på gult nivå, den lågaste graden av farevarsel. Statens vegvesen aukar likevel beredskapen i samband med det varsla veret, særleg på bakgrunn av at riksveg 70 i Sunndal har vore stengd på grunn av jordskred dei siste dagane.

Varselet inneber fare for overvatn i tettbygde område, lokale oversvømmingar, bekkjer og elver kan endra løp, og det kan bli utløyst jord- og flaumskred der regnbygene treff. Det er fare for at vegar kan bli stengde på kort varsel, og det kan bli lokalt vanskelege køyreforhold på grunn av overvatn og fare for vassplaning.

Publikum blir råda til å halde seg unna bratte skråningar, og bekkjer med stor vassføring. Sjekk vegmeldingar på vegvesen.no/trafikk. Tilpass farten og køyr etter tilhøva.