Europakommisjonen vil ha sirkulær biløkonomi

    Foto: Mart Production/Pexels.

    Europakommisjonen foreslår at fleire bildelar skal brukast om igjen. Målet er å bidra til ein sirkulær økonomi.

    − Regelverket vil gjera det lettare å bruka bildelar om igjen ved reparasjonar. Det er bra for både miljøet og bileigarar. I Noreg har vi ein moderne bilpark med stor del elektriske køyretøy, og det er bra at regelverket no også blir oppdatert for å handtera desse bilane endå betre, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

    Økodesign av bilane i framtida

    Forslaget gir nye krav til miljøvennleg design av bilar. Bilprodusentar må planleggja korleis bildelar skal kunna brukast på nytt eller materialatttvinnast allereie mens dei designar ein ny bil.

    Forslaget set ambisiøse og spesifikke mål for ombruk og materialattvinning og bruk av attvunnen materiale i produksjonen. Til dømes er det føreslått krav om at minst 25 prosent av plasten i nye bilar skal vera materialattvunnen, slik at marknaden for materialattvunnen råvare blir større.

    Ombruk av brukte bildelar

    Bilane skal også designast slik at det blir enklare å fjerna, reparera og skifta ut delar og komponentar. I dag må bileigarar ofte kjøpa heilt nye delar, viss ein del på bilen går sund.

    Forslaget til Europakommisjonen inneber at biloppsamlarar vil bli pålagt å demontera bilane på ein slik måte at fleire delar blir tilgjengelege for ombruk. Det blir også foreslått at verkstader skal tilby brukte delar på lik linje med nye delar ved reparasjonar.

    EU-godkjenning før eksport av brukte bilar

    Det har vore eit problem at dårlege bilar blir eksporterte til utviklingsland der dei blir eit avfallsproblem. Eksport av brukte bilar skal også regulerast betre gjennom dette forslaget. Bilar må ha bestått periodisk bilkontroll, eller EU-kontrollen, før eventuell eksport. Dette kan bidra til mindre eksport av dårlege eller øydelagde bilar til andre land.

    Kan også bli innført i Noreg

    Europaparlamentet og Rådet vil behandla og forhandla om forslaget før regelverket blir vedteke endeleg i EU. Regelverket blir sidan gjennomført i norsk rett dersom det blir vurdert EØS-relevant.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.