Bjørnar Moxnes stjal Hugo Boss Aviator-solbriller på Gardermoen


Raudt leiaren og politikaren Bjørnar Moxnes vart for to veker sidan teken for tjuveri på Gardermoen flyplass.

Det var Romerikes Blad som omtalte saka først.

Moxnes skal fredag ettermiddag ha vedteke eit førelegg på kr 3000,- for mindre tjuveri etter straffelova § 323. 

Grunnlaget for førelegget er at han fredag 16. juni på butikken Travel Retail Norway på Gardermoen tok med seg eit par solbriller av merket Hugo Boss.

Politiet har vurdert bevisa i saka som overvakingsbilder og forklaringer frå partane. Ut frå bevisa meiner politiet at Moxnes handla forsettleg, det vil seie at han har skjønt og vore klar over kva han gjorde. 

I kommentar til Romerikes Blad seier Moxnes at han gløymte att solbrillene då han skulle forlate butikken. 

– Seinare kom ein vakt bort til meg og spurte etter brillene. Då vart eg utruleg flau. Framfor nokre vekkforklaringar var det berre å ta konsekvensane.