Onsdag kan bilistar bli skremt av naudvarsel


Ein svært høg ukjent sirenelyd inni bilen kan overraske sjåførar i fart. No ber forsikringselskapet If trafikantar vere førebudd på nasjonal test av naudvarsel kl. 12 onsdag.

Det er politiet som prøver ut naudvarsel på mobil til alle. På same tid testar Sivilforsvaret sine tyfonanlegg. Testen skjer klokka 12 onsdag 14. juni.

— Varslingsprøven er flott å gjennomføre, men den kan nok overraske ein god del sjåførar under køyring. For praktisk talt alle er den fullstendig fremand. Her kjem mange til å få bakoversveis, seier kommunikasjonssjef i If, Sigmund Clementz.

— Hald godt på rattet! Eg trur faktisk enkelte kjem til å bli vettskremte av den høge lyden inni kupeen og ikkje forstår den kjem frå mobilen seier han.

Det hjelper ikkje at mobilen er lydlaus eller har lågt lydnivå. Varslet overstyrer innstillingane og sirenelyden kjem til å vere høg. Denne vil vare i 10 sekund.

Alle nyare mobiltelefonar tilkopla 4G eller 5G vil få dette varselet.

Naudvarsel kan benyttast av styresmaktene til å varsle befolkninga på mobiltelefon om akutte og alvorlege hendingar. Varselet skal innehalde opplysningar om kva som skjer og kva du eventuelt bør gjere for å ivareta og beskytte deg sjølv.

Varslet kan sendast ut både ved lokale, regionale og nasjonale hendingar.