Trekte fyllekøyringsaka mot politibetjent Espen Teigland


Politiadvokat John Olav Thorbjørnsen i Sør-Vest politidistrikt seier i kommentar til Grafen at dei har trekt saka mot politibetjent Espen Tingvoll Teigland (37) som var tiltalt for fyllekøyring på Fitjarvegen på Stord i februar i fjor.

I følgje tiltalen vart det teke blodprøve av Teigland kl 07:06 om morgonen som viste ein alkoholkonsentrasjon på 1,39 promille.

No har imidlertid Thorbjørnsen trekt saka som skulle gå for retten i dag, 6. juni.

Thorbjørnsen seier at kort tid før hovedforhandlinga mottok politiet to rapportar frå hans forsvarar, den siste 30. mai 2023.

Les også: Kameraderi eller inkompetanse? 

Vidare seier politiadvokaten at han etter å ha gjennomgått rapportane meiner dei strenge beviskrava i strafferetten ikkje var oppfylt [at tvil skal komme tiltalte til gode, red. anm.].

Dagen etter, 31. mai, sendte han begjæring til tingretten om å trekke saka. Seinare vart den henlagt med koden «bevisets stilling» med oppheving av førarkortbeslag.

Politiadvokaten presiserer for Grafen at henleggelsen etter «bevisets stilling» dekkar heile spennet frå tilfeller der det kun er liten mistanke til tilfeller som grensar mot at det er grunnlag for å ta ut tiltalebeslutning.

Grafen har begjært utlån av rapportane som advokaten sendte til påtalemakta, men har på publiseringstidspunktet ikkje motteke desse. Grafen kan ikkje verifisere innhaldet i rapportane og politiadvokat John Olav Thorbjørnsen har ikkje gjeve forklaring på promilleprøven som vart teke om morgonen.