Når alt vert dyrare er det ikkje berre reise- og matbudsjettet som kuttast til beinet. Meir enn 40 % går mindre ut for å vere sosiale viser undersøkelse.

Det er Frende Forsikring som står bak undersøkelsen gjennomført av Norstat.

Rådgjevande lege i Frende, Helge Skjerven, seier at det vi gjer med vener kostar pengar: ein betre middag, ein konsert, reise, ein tur på byen eller kino.

For mange er det ikkje lenger ein sjølvfølge å kunne delta på slike ting, seier Skjerven.

Pengar er viktig for å passe inn både som born og vaksne. Sjølv om det eigentleg er gratis å vere med vener, samlast vi ofte rundt noko som endra med ei rekning. Det er blitt vanskeleg å betale for mange no som bustadlån og matprisar har auka.

56 % av dei 1000 spurte seier dei har fått dårlegare råd det siste året. Ytterlegare 10 % er usikre. Berre 34 % seier dei ikkje føler dei har dårlegare råd no enn for nokre år sidan.

Her har flest kutta kostnader det siste året:

  1. Kjøpt mindre eller billigare mat – 56 %
  2. Hatt lågare temperatur inne – 47 %
  3. Gått mindre ut på sosiale ting – 42 %
  4. Kutta i reiser eller ferie – 31 %
  5. Forsikring – 14 %
  6. Flytta i billigare bustad – 3 %
  7. Selt bilen – 3 %

Det er i følgje Skjerven berre 21 % som seier dei ikkje har kutta kostnader det siste året. Det betyr at 4 av 5 har gjort det.

Kan bli isolerte og einsame

Helge Skjerven fryktar at dyrare tider bidreg til at dei som har minst frå før kan bli ekstra isolerte og einsame.

– Vi må hugse at dette kjem på toppen av at mange slit med seinverknader av isolering under pandemien. «Perfekte» profilar i sosiale medier, press etter å passe inn og å skulle halde på den fine fasaden blir også ein psykisk belastning, seier han.

I den same undersøkinga kjem det fram at bekymringar og tankekøyr stjel søvn frå 55 % av nordmenn no.

– Mange tenkjer nok på økonomien no og grublar på korleis dei skal få kvardagen til å gå opp. Heile 56 % seier at dei har endra planane for sommarferien på grunn av dei høge prisane.

Skjerven oppmodar folk som slit med økonomiskam å snakke med nokon:

– Snakk med nokon du stolar på. Ein ven, eller nokon som står deg nær, eller legen din.

 


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.