Skaff deg «grønt kort» før bilferien i Europa


Dokumentet «grønt kort» kan spare deg for bot, tid og trøbbel viss du kolliderar eller er  i skuld i bilulykke i utlandet. Difor må du skaffe deg kortet i god tid før ferien.

Sjølv om du kan køyrte i dei fleste europeiske land utan trafikkforsikringsbevis – det som vert kalla «grønt kort» – er rådet frå forsikringsselskapet If at du likevel har dette med.

– Det viser at seg at dei fleste skadesitiuasjonar lettare løyser seg viss du kan vise det grøne kortet. Utanlandsk politi kan spørje etter kortet. Vi veit om fleire norske sjåførar som har fått bøter fordi dei ikkje kan bevise at bilen har gyldig ansvarsforsikring, seier kommunikasjonssjef i If, Sigmund Clementz.

Grønt kort kan vere særleg lurt å ta med til land i Sør-Europa, understrekar han.

– Alle veit jo kva gult og raudt kort er, men færre kjenner til det grøne kortet. Det er bevis med varigheit på tre månader på at du har ansvarsforsikring på bilen din, forklarer han.

Bestill i god tid

Du får tilsendt grønt kort kostnadsfritt ved å henvende deg til forsikringsselskapet ditt før du reiser på ferie. Hjå fleire selskap kan du enkelt bestille kortet på nettet med leveringstid nokre dagar, hjå andre må du ringe for å få det tilsendt.

Sjølv om det er lettare å skaffe grønt kort enn å stå i kø for å fornye passet, bør du likevel gjere det i god tid før bilferien i Europa.

– For å vere sikker bør du be om kortet eit par veker før du reiser. Vi rår til at du bestiller på nettet viss forsikringsselskapet har den moglegheita, det går raskast og er enklast, anberfalar Clementz.