Skattar vikingane røva frå Irland for 1200 år sidan er no tilbake i heimlandet


For første gong er dyrebare smykker og religiøse gjenstandar vikingane røva på vikingtokt i Irland for vel 1200 år sidan tilbake i Dublin – men berre på lånt tid.

Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger har den største samlinga av vikingskatter fråStorbritannia og Irland, etter vikingane sine tokt på 800-tallet. Opp mot 100 gjenstandar, som vart frakta over havet i vikingskip, ligg til vanlig i samlinga til museet.

– Mange av gjenstandane vart røva under vikingtokt, og andre kan være gåver, bestikkelsar eller handelsvarer, seier direktør Ole Madsen ved Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger.

Det første vikingraidet av norske vikingar i Irland var i år 795 på øya Lambay. Men etter kvart endra kontakten mellom Rogaland og Irland karakter, og år 841 grunnla vikingar Dublin og etablerte seg der. Det førte til atskandinaviske busetjarar og den opphavlege irske befolkninga blei tett integrert. Kombinasjon av vikingtidsgjenstandar og eit sterkt innslag av skandinavisk DNA i mange gravfunn i Irland stadfester dette.

– Gripande å tilbakeføre gjenstandane

No er fleire av desse gjenstandane igjen sendt over havet, tilbake til Irland, for ei utstilling på historiesenteret Dublinia i Dublin. Direktør Ole Madsen og professor Kristin Armstrong-Oma ved Arkeologisk museum, UiS vart med og opna utstillinga.

– Dette er første gong gjenstandane kjem tilbake til landet der dei vart laga. Me som jobba med utstillinga tykte det var både gripande og emosjonelt å tilbakeføra dei, seier Armstrong-Oma.

Utstillinga fokuserer på den spesielle kontakten mellom Rogaland og Irland, og særleg på vikingtidskvinnene. Arkeologisk museum har lånt ut i alt 128 gjenstandar, og 10 av desse er av irsk opphav.

Utstillinga “Viking Age Women – Connecting Ireland and Norway” skal ståi Dublin til februar 2024. Når utstillinga er over skal dei dyrebare skattane tilbake til Stavanger.

Vikingkvinnene blei gravlagt med dyrebare skattar

Mange religiøse skattar frå klostre og kyrkjer har blitt funne i kvinnegraver i Rogaland. Dei vart gjort om til smykker som kvinnene bar, saman med norrøne smykker laga i Rogaland. Dei sterke og mektige kvinnene frå vikingtid fekk med seg dei eksotiske smykkene i grava.

– Gravene fortel at kvinnene hadde framtredande roller i samfunnet, som husfruer som bestemte og styrte på garden. Kanskje drog nokre av dei på vikingtokt og vart gravlagt med saker dei sjølv var med og plyndra, spør Armstrong-Oma.

Ei av kvinnene som er funne gravlagt på Håland i Time hadde berre irske smykker.

– Ho har fått ei framtredande rolle i utstillinga, og me spekulerer i at ho kanskje var ei irsk kvinne. Nye DNA-studier syner at de har kome inn irsk DNA til Skandinavia i vikingtida, seier Armstrong-Oma.