Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet: Frå parkeringslomme til ryddig rasteplass


Ei parkeringslomme ved Sluppen langs den smale og svingete vegen frå Lærdalsøyri til Aurlandsfjellet er laga til ein stemningsfull rasteplass.

Parkeringsarealet er gruslagt og byr på ei hyggjeleg og universelt utforma sitjegruppe. Rasteplassen er avgrensa av ein bølgjande natursteinsbrystning som er inspirert av dei mjuke formene til elvelandskapet rundt. Ei lita informasjonstavle fortel dei besøkande om moglege fotturar i området.

For dei som ønsker å bevege seg er det tilrettelagt ein sti med trapper ned til elva. Stien er lagt nennsamt i landskapet for å gjera minst mogeleg terrenginngrep og ta vare på eksisterande tre. I tilknyting til stien er det laga to ulike sitjeplassar med benker som er trekt noko unna sjølve gangstien.

Åpningsseremonien begynner kl. 14, onsdag 31. mai.

Frå programmet:

  • Velkommen ved Nasjonale turistvegar, Statens vegvesen
  • Arkitekturen ved landskapsarkitekt Kari Bergo, Østengen & Bergo AS
  • Nasjonale turistvegar og betydninga for reiselivet ved Renate Kvåle Hagen, marknadssjef i Visit Sognefjord
  • Ordførar Audun Mo i Lærdal står for den offisielle opninga

Kulturelle innslag ved Kulturskulen i Lærdal og servering frå Fredag & Fretland Bakeri.

Landskapsarkitekt: Østengen & Bergo AS / Entreprenør: Anleggsgartnar Jan Erik Sandal AS / Byggherre: Statens vegvesen / Fullført: 2023

Opninga av Sluppen er den første av seks opningar i 2023 langs Nasjonale turistvegar som i år kan markera 30 år med kunst og arkitektur på rasteplassar og utsiktspunkt i storslått natur langs 18 strekningar. Det var i 1993 Stortinget bad Samferdselsdepartementet om å sjå nærmare på kombinasjonen veg og reiseliv. Statens vegvesen tok ansvaret. Resultatet er i dag ein nasjonal attraksjon med internasjonal appell som medverkar til auka lønsemd for lokalt næringsliv.

Jubileumsmarkeringa Rast viser kombinasjonen kunst, arkitektur og reiseliv langs 18 Nasjonale turistvegar gjennom 30 år. Markeringa blir halden på Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo med seminar og utstilling i tidsrommet 15.  – 25. juni.