Jotunheimen sitt nye besøkssenter til Luster


Miljødirektoratet har vald Fortun Bygdalag i Luster kommune som autorisert besøkssenter for Jotunheimen nasjonalpark.

– Fortun Bygdalag er den aktøren som tilbyr den beste løysinga for eit besøkssenter for å ta imot besøkjande frå vestsida av Jotunheimen nasjonalpark, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

I statsbudsjettet for 2023 gav regjeringa 1 500 000 kroner til etablering av eit besøkssenter på vestsida av Jotunheimen. Etter ei grundig vurdering av tre gode søkjarar har Miljødirektoratet vald å autorisere Fortun Bygdalag som besøkssenter for Jotunheimen og Breheimen nasjonalparkar. Senteret si nærleik til Breheimen nasjonalpark gjer det naturleg at Fortun Bygdalag også får informasjonsansvar for Breheimen nasjonalpark.

Varetek villreinen

Eit besøkssenter for nasjonalpark skal spreie kunnskap og bidra til auka merksemd om natur, verneområde og friluftsliv. Besøkssenteret skal vere ein attraktiv plass å besøkje for å få informasjon om nasjonalparken, og bidra til berekraftig bruk av nasjonalparkar, annan natur og til friluftsliv.

– Ein av dei mest sårbare verneverdiane i Jotunheimen nasjonalpark er villreinen som er ramma av ferdsel og forstyrringar. Vi har difor særleg lagt vekt på samarbeidet til søkjaren med lokale aktørar og miljø som aktivt vil arbeide for at natur, villrein og tindesport skal fungere saman i nasjonalparken og randsonene, på premissane til villreinen, seier Hambro.

Fortun Bygdalag ønskjer å informere og spreie kunnskap om natur, kulturarv og vern med grunnlag i tre lokale og naturgitte tema: villrein og fangstkultur, historiske handels- og pilegrimsvegar og tindesport i Hurrungane.

– Fokuset i formidlinga ved senteret vil vere eit viktig verktøy for forvaltinga av Jotunheimen nasjonalpark og for å ta vare på villreinstammen i Jotunheimen, påpeikar Hambro.

Populært turområde

Lokaliseringa på besøkssenteret ved Sognefjellsvegen og Hurrungane, eit område som er særleg attraktivt for toppturaktivitet, gir eit høgt besøksgrunnlag og er dirfor best eigna til å medverke til å ta vare på naturverdiane i nasjonalparken og randsona.

– Fortun er eit populært utgangspunkt for turar i Jotunheimen nasjonalpark og i randsona, og det er viktig for nasjonalparkforvaltinga å nå desse besøkjande med informasjon før dei bevegar seg inn i eit sårbart område, seier Hambro.

Besøkssenteret vil også vere ein naturleg møtestad for bygdefolket heile året.

– Vi har vektlagt at Fortun Bygdalag har bygg og uteområde som eignar seg godt til formålet, vil ha heilårsdrift og kan opne senteret til sommarsesongen 2024, avsluttar Hambro.