Ingen kutt i drivstoffavgifter i 2023


Tross snittpris over 22 kroner literen for bensin og diesel siste år kutta ikkje regjeringa avgiftene i revidert budsjett.

– Løfta om avgiftskutt har vist seg å vere tomme. Løpet kan vere køyrt for lågare avgift på bensin og diesel ut året, seier pressesjef Ingunn Handagard i NAF.

Regjeringa la nyleg fram revidert statsbudsjett som var siste sjanse til å gjere noko med avgiftene på bensin og diesel i 2023. I framlegget til budsjett prioriterte dei ikkje kutt i drivstoffavgiftene.

– Når regjeringa sjølv ikkje prioriterer dette er det lite håp om at Stortinget vil rydde opp når regjeringa skal forhandle med SV, seier Handagard.

Neste sjanse blir då ikkje før til hausten att, når budsjettet for 2024 skal leggjast fram.

Lova å kutte avgifter

I regjeringsplattforma heiter det at dei «vil redusere avgifter som råkar folk flest, som for eksempel elavgift og drivstoffavgifter». Men det ligg ingen spor av kutt i avgiftene i framlegget til revidert budsjett.

– Sidan dette dokumentet gjeld fram til nyttår er løpet truleg køyrt for avgiftene ut heile 2023 seier Handagard.

Ho meiner det er synd at løfta er brotne.

– Dette handlar om lommebøkene til folk i ein periode der alt er dyrare. Men det handlar også om korleis veljarane trur på dei løfta politikarane gir. Spesielt i distrikta, der det er fleire som har bensin- og dieselbil.

Snittpris på 22 kroner literen

Dei siste tolv månadene har snittprisen på både bensin og diesel vore over 22 kroner literen. Sidan nyttår har prisane på bensin og diesel gått opp.

No skal regjeringspartia Ap og Sp forhandle statsbudsjettet med SV på Stortinget. Handagard har liten tru på avgiftskutt etter forhandlingane.

– Det er dessverre ingen grunn til å tru at SV prioriterer å få dette temaet opp på forhandlingsbordet avsluttar Handagard.