Stortinget og det ukrainske parlamentet har inngått avtale om samarbeid

    − Med denne avtalen uttrykker vi sterk solidaritet med ukrainernes heltemodige frihetskamp og det ukrainske folkets suverenitet, sier stortingspresident Masud Gharahkhani som signerte avtalen med Ukrainas parlamentsformann Ruslan Stefantsjuk.

    Avtalen om å vidareutvikle demokratisamarbeidet mellom dei to nasjonalforsamlingane vart i dag signert under det offisielle besøket av den ukrainske parlamentsformannen, Ruslan Stefantsjuk.

    – Eit demokrati treng ein velfungerande nasjonalforsamling. Føremålet med avtalen er å bidra til å understøtte nøkkelrolla det ukrainske parlamentet har i å sikre Ukrainas fridom, sjølvstende og demokrati, sa Stortingspresident Masud Gharahkhani.

    – Samtidig ønskjer Stortinget å lære av Verkhovna Rada, ikkje minst om korleis ein driv nasjonalforsamling i krisetid, legg han til.

    I solidaritet med Ukrainas kamp for fridom

    Ukraina står midt i ein angrepskrig. Gharahkhani understrekar at det i ein slik situasjon er viktig å ha eit velfungerande demokrati.

    – Med denne avtalen uttrykkjer vi sterk solidaritet med den heltemodige fridomskampen og det ukrainske folket suverenitet, sa Gharahkhani.

    Intensjonsavtalen varer til 2027. Parlamentariske studiebesøk og dialog om gode arbeidsmetodar mellom både parlamentarikarar og embetsfolk vil truleg vere sentrale tiltak.

    Les avtalen her [PDF]


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.