Dette stjeler vi med oss frå hotellrommet


Dei aller fleste av oss fyller feriekofferten med dyrbare minner, men ein undersøkelse frå Apollo viser at mange også tek med seg ein ting eller to frå hotellrommet. Her er lista over det mest populære tjuvegodset.

Når ferien nærmar seg slutten og verklegheita byrjar krype inn, startar innsamlinga av minner. Dei aller fleste av oss går til innkjøp av postkort, magnetar, dupedittar og lokale suvenirer, men i ei undersøkjing utført av reisearrangøren Apollo kjem det fram at over 50 % også tek med seg ein ting eller to frå hotellrommet.

Nesten 1 av 5 nordmenn oppgir at dei har teke med seg handklede og tøfler heim på eit eller anna tidspunkt, og 12 % oppgir dei har teke med seg badekåpe. Det kjem nok ikkje som ei stor overrasking, men det gjer kanskje dette: Ein av ti menn oppgir at dei har teke med seg hotellrommet sin TV heim.

Like mange kvinner oppgir også at dei har teke med seg sengetøy. Anna populært tjuvegods er tepper, speglar, gardiner og nattbord.

Det nordmenn har teke med seg frå hotell

18 % Håndklede
17 % Tøfler
12 % Morgonkåpe
6 % TV
4 % Teppe

Det nordmenn ikkje klarar seg utan

48 % Barberhøvel
42 % Smertestillande
28 % Snus/sigarettar
18 % Høgtalarar
16 % Nasespray