Forsvarets forskningsinstitutt [FFI] trur ikkje Russland greier å auke styrkane sine med over ein halv million soldatar innan tre år.
Det var i fjor at Russlands forsvarsminister varsla at landet ville auke talet soldatar frå 1 million til 1,5 millionar innan utgangen av 2026.
– Det er 589 000 fleire soldatar enn vi antek at Russland hadde i 2021, seier seniorforskar Una Hakvåg ved FFI.
Som russlandkjennar har ho stor kunnskap om tryggleikspolitikk, forsvarsutvikling og spesielt den nasjonale økonomien.
Forskarar i FFIs Russland-prosjekt har samla inn data i meir enn ti år. I sin nye rapport diskuterer Hakvåg kva moglegheiter Russland har for å auke storleiken på dei væpna styrkane så mykje som dei seier.
Vernepliktige og kontraktsoldatar
Russland har ein blanda modell. Den aktive styrken består av ein kombinasjon vernepliktige som avtenar førstegangsteneste, og av verva meinige og spesialistar på kontrakt. I Russland vert dei omtalt som kontraktsoldatar.
I tillegg kjem offiserar og ei lita gruppe underoffiserar. Sidan 2015 har fleirtalet av soldatane i den aktive styrken vore yrkessoldatar. Dei nye planane legg opp til at blandingsmodellen skal vidareførast. Talet kontraktsoldatar skal aukast frå 400 000 til 695 000 innan 2026.
Liten interesse for militærteneste
Sett i lys av bemanninga dei siste ti åra framstår Russlands planar om å auke den aktive styrken med meir enn 50 % innan 2026 lite realistisk, fastslår Hakvåg.
– Dersom styrkane skal nå målet om 695 000 kontraktsoldatar innan 2026 må fleire borgarar vise interesse for militærteneste enn tilfellet har vore det siste tiåret. I tillegg er det behov for at ståtida til soldatane vert forlenga.
Den militære leiinga har sett utfordinga, meiner Hakvåg. Mellombels er den løyst gjennom Putins mobiliseringsvedtak og auka lønningar.
Men verken påbod om å bli i teneste yrkeslivet ut eller dagens lønningar framstår som bærekraftige over tid. Sjølv om dei vernepliktige årskulla vil auke fram mot 2030 vil andelen av befolkninga i aldersgruppa 18-40 år halde fram å synke nedover dei neste 10-15 åra.
Dette vil gi auka konkurranse om den russiske arbeidskrafta. Eit moment her er at kontraktsoldatar i 2023 har gått frå å vere blant dei 40 % i befolkninga som har lågast månadleg inntekt til å bli lova ei lønn som plasserer dei blant dei 10 % best betalte av befolkninga, fortel Hakvåg.
30-dagars intensivopplæring av kontraktsoldatar
For å fylle opp har Russland sidan 2012 redusert krava til førehandskunnskap og opplæring. Det gjeld alle grupper av yrkessoldatar.
– Store tap i den pågåande krigen i Ukraina kombinert med auka styrkeambisjon, tilseier at behovet for å få mennesker raskt inn i nye stillingar neppe vil vere mindre dei kommande åra.
Dette talar for at løysingar som 30-dagars intensivopplæring av kontraktsoldatar, seks månaders intensivkurs for løytnant og toårig betalt førstegangsteneste vert vidareført, avsluttar Hakvåg