Skal du vaske fasaden? Ikkje bruk høgtrykkspylar


No er det tid for vårreingjering, og det er viktig å ikkje gløyme fasaden på huset. Å vaske huset gir ikkje berre eit skinnane reint og fint resultat, men faren for å få algar og sopp og råte vert redusert og målinga held seg lenger. 

Frarådar høgtrykkspylar

Har du fått rift eller sår i målingsfilmen vil ein høgtrykkspylar bidra til at fukt trekkjer seg bak målingsfilmen, som igjen kan gi grobotn til sopp og råte. Difor brukar vi høgtrykkspylar til å leggje på såpe, og skylle av med rikeleg vatn frå vanleg slange. Det er mengde vatn som er viktig, ikkje trykket.

Det er mykje støv i lufta, pollen frå trær og eksos som festar seg på ytterveggane til hus. Berre tenk på kor raskt vindauge vert skitne.

Held du husveggen fri for skit, støv og svertesopp og algar, så kan du går lenger mellom kvar gang du treng måle huset utvendig. Vil du at huset skal sjå mymålet og velstelt ut med liten innsats, så er trikset å vaske det no om våren. Og resten av sommaren kan nytast med godt samvit.

Informasjonskontoret for farge og interiør [IFI, red. anm.] tilrår å vaske huset utvendig kvart år, men ikkje spyl med høgtrykkspylar. Då kan både treverket og målinga verte skada og faren for fuktskadar og råte aukar. Bruk heller ein vanleg hageslange, ei bøtte vatn, kost og såpe for fasade eller ei skumkanon som kan tilkoplast hageslange.

Dette treng du:

  • Skumkanon
  • Skumvask
  • Høgtrykkspylar (til skumkanon)
  • Mjuk kost som ikkje ripar opp underlaget
  • Hageslange
  • Regntøy
  • Briller
  • Arbeidshanskar