Mattilsynet: – Energidrikken Prime kan medføre helserisiko


Dei amerikanske drikkane Prime Hydration og Prime Energy har på kort tid vorte svært populære i Noreg blant barn og unge. Mattilsynet meiner at sal av produkta strir mot norsk regelverk.

– Viss ein tilset meir vitaminer, mineral, aminosyrer, koffein eller andre stoff enn det som er tillate i slike drikkar, kan det medføre helserisko for forbrukarane. Dei kan då ikkje seljast i Noreg, seier Are Sletta, seksjonssjef i Mattilsynets seksjon kjemisk mattryggleik.

Produkta frå Prime er tilsett ei rekkje forskjellige stoff. I gitte mengder er det lov å tilsetje nokre vitaminer, mineral og visse andre stoff til ulike mat- og drikkevarer. Viss det ikkje allereie er lovleg, må verksemda søkje om dette. Mattilsynet vurderer då om tilsetjinga kan medføre helserisiko før det eventuelt vert gjeve tillatelse. Når mattilsynet gjer ei slik vurdering vert det teke omsyn til forbrukarane sitt inntak av desse stoffa frå andre mat- og drikkevarer. I nokre tilfeller kan tillattelse vere avgrensa til produkt for personar frå og med 18 år.

Mattilsynet opplyser at dei ikkje har motteke søknad frå importørar med naudsynte opplysningar om produkt frå Prime.