I år kan du dyrke ein heilt ny jordbærsort


Denne sommaren er det tid for å spreie glede med nettopp Glede i hagen.

For første gang skal nemleg den nye robuste jordbærsorten Glede seljast i hobbymarknaden, og det vil skje gjennom hagesenter til Felleskjøpet Agri. Dei første plantane vart omsett i proffmarknaden i 2021 til bærprodusentar som ville prøve den. I år kan alle plante Glede i hagen.

Glede er ein middels tidleg sort, akkurat som dei etablerte jordbærplatane Korona og Sonata. Glede er tilpassa utandørs produksjon, og har tilsvarande avling. Den nye typen jordbær er utvikla gjenom fleire forsøk hjå Graminor på Bjørke utanfor Hamar.

Attraktiv og skinnande

– Vi gledar oss skikkeleg til å få denne heilnorske jordbærsorten ut i våre hagesenter. Korona er jo godt kjent gjennom mange år. Glede har betre smak, og er meir motstandsdyktig mot sjukdom. Alt ligg til rette for at denne sorten skal ta over mykje av salet, og den har eit litt meir hyggeleg namn også, seier Anne-Sofie Odden, kategorisjef hage i Felleskjøpet Agri. 

Glede har stabil storleik på bæra, og bæra er noko mindre enn korona med normal konisk form. Skinnet har ein attraktiv og skinnande raudfarge, som er litt mørkare enn Korona når den er fullstendig moden. Glede passar perfekt for ferskt konsum på grunn av sin flotte utsjånad, gode eigenskapar for oppbevaring, fastheit i skinnet og kjøtet, og ikkje minst ein svært behageleg smak.