Lerum og De Historiske med eit historisk samarbeid


Lerum lanserar eit eksklusivt syltetøy for De historiske med bær frå garden der det heile starta i 1907. Bæra er handplukka og foredla til eit syltetøy med heile 70 prosent bringebær .

– Vi er stolte over historia vår, og eit samarbeid med De historiske passar oss derfor godt, seier administrerande direktør i selskapet Trine Lerum Hjellhaug

Syltetøyet vil ein kun få kjøpt hjå De Historiske Hotell og Spisesteder, og bør i følge Hjellhaug vere ein god grunn til å besøke eit av hotella dei neste månadane.

– Dette er eit syltetøy vi er spesielt stolte av! Oldeforeldra våre skulle berre visst at vi  116 år etter at dei starta Lerum fortsatt lagar syltetøy med bær frå garden på Sørheim, seiar Hjellhaug som innrømmer at ho har fått tak i eit par glas ho har teke med seg heim.

I dag er det 4. generasjon Lerum som gir deg smaken av Sogn, men også De Historiske arbeidar for å ta vare på ekte norske tradisjonar. De Historiske set si stoltheit i å ta vare på kulturarven dei 67 hotella og 20 stadane å ete representerer, seier Nils Henrik Geitle som er dagleg leiar hjå De Historiske.

– Det er naturleg for De Historiske hotell å ha eit søkelys på autentisk, kortreist mat. Det passar akkurat dette syltetøyet spesielt godt! De Historiske set norske råvarar med lokal identitet og historie i fokus.  I tillegg har hotella eit bevisst forhold til vertskapsrolla, der historieforteljinga dannar ramma for opplevingar innan både overnatting og gastronomi.

Nils Henrik Geitle fortel vidare at samarbeidet med Lerum er basert på at dei deler felles verdiar der lokale råvarer og historie er viktig for historieforteljinga.

– Slike samarbeid som dette er både riktige, viktige og nyskapande og eit eksempel på korleis ein sikrar gode historiar til gjestene med kvalitet frå jord til bord.

Frå garden på Sørheim dreiv Kari og Nils Lerum ein triveleg landhandel. Ein augustdag i 1907 stod det att to stampar med bringebær på kaien som skulle gått med båten til Bergen. «-Vi kan ikkje kaste bær» sa Kari Lerum. Ekteparet tok bæra med på kjøkkenet sitt og kokte saft av dei, og slik oppstod Lerum.