Det raraste folk gløymte att under ei reise via Uber


Oska til ein slektning, ein machete og eit dokkehovud var blant tinga folk gløymte att etter ei reise via Uber, i følgje Uber Lost & Found Index 2023.

Tusenvis av gjenstander vert meldt sakna via Uber-appen dagleg. For å gi eit lite innblikk i folks kvardag, gjev Uber kvar år ut Uber Lost & Found Index, der dei gjev eit overblikk over både det vanlegaste og uvanlege folk gløymer att.

Det vanlegaste norske reisande gløymte att i 2022 var telefonar, lommebøker og nøklar. Men ikkje alt har ei like openbar forklaring. Blant anna vart oska til ein slektning, ein oksygentank, ei fotlenke og eit dokkehovud meldt sakna.

Viss du nokon gang skulle gløyme att skilpaddene dine eller tannprotesa di etter ein reise via Uber, er det berre å gå til Find lost items under Your trips i appen, og leggje inn eit telefonnummer, så vil sjåføren ringe deg opp og avtale tid og stad for overlevering.

Her er dei raraste tinga folk gløymte att frå heile verda:

  • Oska til ein slektning
  • Ein machete
  • Eit dokkehovud
  • Ein oksygentank
  • Ein positiv graviditetstest
  • Ein halvliter falskt blod
  • Ein hestehale
  • Ein trehatt
  • Ei fotlenke
  • To skilpadder
  • Danny DeVito-julepynt
  • Ein caps med teksten «I love the smell of jet fuel in the morning»
  • Ein brosjyre med eit motiv av Jesus som held eit stykkje pizza
  • Eit lite campingkjøkken
  • Ein lyseblå eggforma tamagotchi
  • Måleri av kona si
  • Seks stykkjer ostekake
  • Ei tannprotese
  • Ein einhjuling

Dei vanlegaste tinga som vart gløymt i Noreg

  • Telefon
  • Lommebok
  • Nøklar
  • Sekk
  • Klær
  • Briller
  • Hovudtelefonar
  • Veske
  • Lue/caps
  • Paraply