Meiner ladeselskapa utnyttar at folk har vorte vande med høge ladeprisar

    Foto: Norsk eilbilforeining.

    Generalsekretær i Norsk elbilforeining, Christina Bu, meiner at ladeselskapa utnyttar at folk har vorte vande med høge ladeprisar. No må elbilistar seie frå og vere prisbevisste, seier ho.

    – Vi hadde forståelse for at prisane på hurtiglading måtte aukast i fjor då straumprisane fauk i vêret, men no forventar vi at ladeprisane også følgjer straumprisen ned att, seier Bu.

    I desember 2022 var snittprisen i sone sør 3,36 kroner for ein kilowattime, deretter gjekk den ned til 1,59 kroner i januar og har helde seg stabilt sidan den gang. Gjennom dei første tre månadane er prisen meir enn halvert sidan desember. Prisane for hurtiglading auka vestleg i den dyraste perioden.

    No lurer generalsekretæren på nor prisane vert sett ned att.

    Elbilforeininga har fått fleire førespurnader frå medlemmar som lurer på kvifor prisane framleis held seg høge.

    – Mange av medlemmane våre er frusterte no. Alt har vorte dyrt og prisane for hurtiglading er mykje høgare enn det er grunnlag for no, seier Bu.

    – Sjølv om dei fleste ladar bilen heim, veit vi godt at hurtiglading er avgjerande faktor for at folk kjøper elbil, avsluttar ho.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.