Ein femdel av naturskogen er verna


Ein ny rapport viser at stadig meir av dei viktigaste skogverdiane blir beskytta gjennom vern.

– Det gror godt i skogen i verneområda våre! På berre fem år ser vi ein markant auke av skogkvalitetar som er viktige for bevaring av biologisk mangfald, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet har eit eige overvakingsprogram for å følgje med på korleis det går med skogen i norske verneområde. Kvart femte år blir det rapportert om tilstanden, og NIBIO har no levert rapporten for perioden 2017-2021.

Målet med verneområda er å bidra til å ta vare på trua natur. I tillegg skal vi ta vare på eit representativt utval av norsk natur, det vil seie at vi skal bevare heile variasjonsbreidda av naturtypar og landskap.

Stortinget har vedteke eit mål om å verne 10 prosent av skogområda våre, vi ligg no på 5,2 prosent. For å sikre variasjonsbreidda innanfor skogvernet er det viktig at også den mest produktive skogen blir verna, ikkje berre dei mindre produktive områda som er lite aktuelle for skogsdrift. Med produktivitet meiner vi kor godt trea veks i eit gitt område.

Produktiv skog aukar mest i naturreservata

Rapporten frå NIBIO viser at den mest produktive skogen er den kategorien skog som aukar mest i naturreservata. Ifølgje NIBIOs berekningar kan arealet med høg eller svært høg produktivitet innanfor naturreservata ha auka med nesten 60 prosent i naturreservata.

– Tidlegare har det vore verna mykje uproduktiv og lågproduktiv skog. Auken av den mest produktive skogen i naturreservata er  eit tydeleg teikn på at satsinga på skogvern dei siste åra har gitt gode resultat, seier Hambro.

Meir naturskog og gammalskog

Overvakinga har også sett på kor mykje naturskog og gammalskog det er i verneområda. Naturskog er skog utan synlege menneskelege inngrep, med naturlege treslag og dødt trevirke i fleire nedbrytningsstadium. Gammalskog er biologisk gammal skog.

Begge skogkategoriane aukar i verneområda, og berekningane frå NIBIO viser at så mykje som 21 prosent av naturskogen no er verna.

– Naturskog og gammalskog er svært viktig for biologisk mangfald, til dømes er omtrent 84 prosent av raudlisteartane i skog er knytt til gammalskogen, seier Hambro.