Boklansering: Den industrielle revolusjonen

Professor emeritus ved Høgskulen i Volda Arnljot Løseth presenterer eit av dei mest sentrale emna i verdshistoria når han lanserer si nye bok om den industrielle revolusjonen i Storbritannia.

At det kjem forskingsbasert litteratur på nynorsk er særskilt viktig, peiker forlaget på.

Denne våren gir Fagbokforlaget ut boka «Den industrielle revolusjonen – Storbritannia i eit europeisk og globalt perspektiv, 1600-1914», ført i pennen av Arnljot Løseth.

Forlaget peiker på kor viktig det er at dette så sentrale emnet i verdshistoria vert formidla på norsk, og særskilt nynorsk. I tillegg er det viktig at det vert skapt forskingsbasert litteratur som er tilpassa undervisningsbruk. Det er denne boka eit døme på.

Ei av dei viktigaste hendingane i verdshistoria

Den industrielle revolusjonen var ei grunnleggande endring av mange aspekt ved økonomisk og sosialt liv, og var ei av dei viktigaste hendingane i verdshistoria. Storbritannia var sjølve lokomotivet for desse endringane, og andre vestlege land følgde etter. Ei drøfting av kvifor Storbritannia var utgangspunktet, står derfor sentralt i boka.

Kva som hende, kor, korleis og når det hende, blir tatt opp og også konsekvensane for land, samfunn og menneske. Storbritannia blir samanlikna med andre område og kulturar på det eurasiske kontinentet. Den seinare industrialiseringa av andre statar blir også jamført med land som ikkje gjennomførte denne sosioøkonomiske omkalfatringa før første verdskrigen.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.