Vil forby eingangsgrillar


Ni av ti brannar skuldast menneskeleg aktivitet. Eit forbod mot eingangsgrillar kan bidra til få ned talet brannar i skog og mark og er eit godt bærekraftig grep, meiner direktør i Brannvernforeininga, Rolf Søtorp.

– Vi ønskjer oss eit forbod mot eingangsgrillar. Først og fremst på grunn av brannfaren, men det er også viktig å ta eit ansvar for miljøpåverknaden dette produktet har. Med eit forbod vil vi bli kvitt eit miljøproblem og bidra til bærekraft, seier Søtorp.

Bålforbod gjeld også eingangsgrill

Det nasjonale bålforbodet mellom 15. april og 15. september gjeld også eingangsgrillar. Det er i tidsrommet forbode å tenne bål, bålpannar og annan bruk av open eld, i skog og utmark utan tillatelse frå kommunen.

– Vi trur mange ikkje veit at bålforbodet også omfattar eingangsgrillen. Ved å innføre eit forbod unngår ein misforståelse og heilt unødvendige brannar. Vi føler oss trygge på at eit forbod vil bidra til færre brannar. Ved feil bruk skal det lite til før varmen frå ein eingangsgrill antenner brennbart underlag som for eksempel tørt gras og skogbotn, seier Støtorp.