Skal øve på ulukke med atomdrevne fartøy


Ein eksplosjon på eit atomdreve passasjerfartøy i Nord-Noreg øydelegg reaktorane og skadar fleire i besetninga. Dette er bakteppet for den største øvinga på atomulukke i Noreg.

Øvinga som heiter Arctic REIHN skal finne stad i Bodø 9.-11. mai. Den vert arrangert av tre direktorat og hovudredningssentralen i Nord-Noreg, men er finansiert av EU. Øvelsen har ein kostnad på om lag 12 millionar kroner.

– Ferdselen med atomdrevne fartøy langs norskekysten er sterkt aukande. Ei ulukke med eit slikt fartøy kan gi radioaktive utslepp som råkar Noreg. Det kan få store konsekvensar, og det er difor viktig at beredskapsorganisasjonen får øve slik eit slikt scenario, seier direktør Per Strand i direktoratet for sammfunnstryggleik.

Finansiert av EU for å teste system for varsling av andre nasjonar og for å ta imot hjelp frå utlandet

Øvinga er i hovudsak finansiert av EU, der hensikta er å øve på beredskap for ei ulukke med radioaktiv forureining i Nord-Noreg. Sentrale element i øvinga er å teste ut system for varsling av andre nasjonar og for å ta imot hjelp frå utlandet.

Totalt deltek 300 personar frå sju land i øvinga. I tillegg kjem observatørar frå 31 land til å vere på plass.

– Å øve saman er avgjerande for å handtere ei alvorleg hending på ein god måte. Å saman gjev oss svar på kva som fungerer, men også svar på kva som ikkje fungerer og som vi må gjere noko med. Dersom vi har ei øving som ikkje avdekkar læringspunkt, har vi sannsynlegvis ikkje øva realistisk. Det er alltid noko å lære, seier avdelingsdirektør Elisabeth Longva i Direktoratet for sammfunnstryggleik.

Radioaktiv forureining kan ha negativ innverknad på matproduksjon i heile Europa, då andre delar av verda kan avstå frå europeiske varer på grunn av frykt for forureining.

Kystverket fangar opp og formidlar varsel om risikotrafikk langs kysten, som har radioaktiv last eller atomdrevne fartøy.

– Eit atomdreve fartøy som i dette scenariet, ville blitt nøye overvaka av våre sjøtrafikksentralar. På den måten kan tiltak setjast inn tidleg, og uhell kan avvergast, seier direktør for miljøberedskap i Kystverket, Hans Petter Mortensholm.

Når det gjeld atomulykker er Noreg tilknytta eit globalt nettverk gjennom konvensjonen om assistanse ved atomulykker.