Betre energimerking av dekk og køyretøy


Det er felles krav i EU om merking av dekk og køyretøy som vert tilbode i marknaden. Merkinga viser forbrukarar at tilsynelatande like produkt han ha ganske ulike eigenskapar.

Krav til merking av dekk har vi hatt nokre år. Alle bildekk som vert selt må vere merkt med ein klistrelapp som viser kor mykje støy dekket lagar og korleis dekket påverkar drivstofforbruket. Hensikta er at forbrukarar lettare skal fine opplysningar om eigenskapane til dekket eller køyretøyet.

Merkjelappar over alt

Det nye er at dekk som vert selt på Internett skal merkast i nærleiken av prisen på nettsida, slik at dette er lett tilgjenge for kunden å sjå. I tillegg skal dekk merkast med eigenskapar for snø og is. Det skal også følgje med QR-kode på merkinga, for at forbrukarar skal kunne slå opp opplysningar for det aktuelle dekket i ein produktdatabase.

Regulering av sal av bilar på Internett

Bilar vert i større grad kjøpt over Internett. For desse gjeld same krava til energimerking som for bilar som vert selt via ordinære forhandlarar. Merkinga skal vere av slik storleik på nettsida at det er klart synleg og lett å lese for forbrukaren.