Statens vegvesen startar den årlege vårreingjeringa av europa- og riksvegane denne veka. Arbeidet skal vere ferdig til 17. mai.
Dei neste vekene skal vegbane, gang- og sykkelvegar, skilt og leskur og andre tekniske installasjonar reingjerast. I tillegg skal det plukkast søppel langs europa- og riksvegane.
Tunnelvask
Vårreingjering inneber også grundig vask av tunnelar. Der samlar det seg mykje støv og skitt som må fjernast fordi det gjev betre sikt og forlengar levetida til teknisk utsyr.
– Vi vaskar støv og skitt frå lys, skilt, tak og veggar i tunnelane. Det gjev betre sikt og forlengar levetida til avansert teknisk utstyr vi har i tunnelane, seier prosjekleiar Bjørn Inge Stefferud Holter i Statens vegvesen.
På stadar med gode moglegheiter for omkøyring vert tunnelane stengt heilt medan vasking pågår. I dei andre tunnelane vert det kolonnekøyring der trafikkantar må vente på leiebil.
Må planlegge ekstra reisetid
Holter seier at trafikkantar må planlegge litt ekstra køyretid i perioden med tunnelvask sidan fartsgrensene kan vere sett ned eller ventetid i høve kolonnekøyring.
– Vi forstår det kan vere irriterande når du har dårleg tid og skal rekke noko. Men dei som har vegen som arbeidsplass skal sjølvsagt ha trygge arbeidsforhold. Har du noko du skal rekke, må du sjekke trafikkmeldingar og alltid planlegge med ekstra køyretid, oppmodar Holter.