Unngå ladekø på veg heim frå påskeferien


Opplevde du ladekø når du køyrte avgårde på påskeferie? – Med nokon enkle grep kan du unngå kø på ladeplassen, seier Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgjevar i NAF.

Dei fleste av oss køyrer heim frå påskeferien på same dag og ganske ulike tidspunkt. Då blir det mange bilar på vegane og ladeplassane.

– Tenk alternativt når du reiser. Køyr på andre tidspunkt enn alle andre, så unngår du både bilkø og ladekø, seier Sødal.

Det er enkelte ladeplassar langs hovudvegane som tradisjonelt har mest kø på utfartsdagar. Då gjeld det å sjekke om det kan vere andre moglegheiter for lading.

– Berre ved å ta av hovudvegen og køyre nokre kilometer til næraste tettstad kan du finne ladestasjonar utan kø. Du kan til og med få sett ein ny stad på vegen, seier NAF-rådgjevaren.

Eit tredje tips er å ikkje lade meir enn 80 eller 90 prosent på batteriet. Dei siste prosenta tek lang tid og gjer at du både kjem seinare av gårde og andre må vente lenger på at du vert ferdig.

– Avslutt ladinga før batteriet er fylt heilt opp. Det er beste både for deg og andre på ladeplassen, seier Sødal.

NAFs 10 ladevettreglar

  1. Lad opp før avreise
  2. Planlegg turen godt
  3. Gjer klar appar og ladebrukker før det er din tur
  4. Lad når du stoppar, ikkje stopp for å lade
  5. Bruk lynladar viss vilen taklar det
  6. Lat batteriet til 80-90 prosent
  7. Hjelp ferske elbilistar
  8. Rydd opp etter deg
  9. Ro ned
  10. Lad trygt og smart heime og på hytta