Førdefestivalen har sleppt heile programmet


Med «draumar» som tema inviterer Førdefestivalen til sin 33. festival, 5.-9. juli i år. På programmet står artistar frå 25 land, og festivalen tek i bruk 30 store og små arenaer.

-Eit skikkeleg møysommeleg puslespel, seier direktør Sølvi Lien om det å lage ein internasjonal festival av dette kaliberet.

Ho ser fram til å få programmet ut til folket, og komme i gang med billettsalet for sin første festival som direktør.

Ønskjer å overraske

Førdefestivalen ønskjer å skape forståing på tvers av kulturar, religion og tradisjonar. -Vi vil vere ei motvekt til mainstream-kulturen ved å tilby eit program som kan overraske og gje publikum nye impulsar, seier den nye direktøren. Artistlista på Førdefestivalen er, har vore og skal vere utan sidestykke i Norge!

I år byggjer festivalen på temaet DRAUMAR. -Etter eit par spesielle år både globalt og lokalt, er det behov for litt lettare tema, litt luft under vengjene, seier festivaldirektøren. Gjennom musikken kan ein drøyme seg bort, og i musikken kan ein vere fri. Draumar er noko vi alle ber på, det er noko festivalen ønskjer å formidle.  

Artistar med store draumar

Draumen om fridom er ei viktig drivkraft for fleire av artistane på festivalen. Til dømes haïti-amerikanske Leyla McCalla som i prosjektet Breaking the Termometer to hide the fever hentar fram den sterke historia til radiostasjonen Radio Haiti, som vart folket si stemme i kampen mot den diktatoriske presidenten. Eigaren av Radio Haiti ofra alt for draumen om fridom for folket!

Yungchen Lhamo frå Tibet er verdskjend for si utanomjordisk vakre stemme. Ho har sunge med kjende namn som Peter Gabriel, U2, Sir Paul McCartney, Annie Lennox og Sinnead O’Connor og fleire andre. -Yungchen Lhamo syng iallfall som ein draum, og om musikk kan gje deg sjelefred, må det vere musikken hennar, meiner festivaldirektøren, og tipsar om årets kyrkjekonsert på Førdefestivalen.

Festivalpasset – attraktivt for endå fleire

Førdefestivalen har eksistert i over 30 år, og mykje har endra seg sidan dei første utgåvene. Utvikling og testing er nøkkelord for å gjere festivalen attraktiv for fleire, og i år gjer vi det vi vi må kalle ei stor endring i innhaldet i festivalpasset, fortel Lien. Prinsippet er det same som før, at du ved å kjøpe festivalpass får tilgang til fem store konsertar og i tillegg oppnår stor rabatt på andre konsertar, men til sommaren vil tre av dei fem konsertane vere på laurdag.

Stort barne- og familieprogram

Førdefestivalen er ein vibrerande møteplass for alle generasjonar, og satsar på eit kvalitetsprogram for barn og barnefamiliar. Onsdag ettermiddag går det etter kvart tradisjonsrike Ut på tur, aldri sur!-arrangementet av stabelen på Sunnfjord Museum. Tur først, så konsert med Nina Fjeldet og Silje Onstad Hålien og deira Danse, sa fela! Laurdag står Reglebein, reglebein! på programmet, ein fantasifull familiekonsert med ni musikarar og dansarar på scena.

I tillegg får fem barnehagar i Førde, Jølster, Bygstad og Naustdal gratis Morgonstund-konsertar. Tre føremiddagar er det gratiskonsertar på Torgscena ved Elvetorget, laurdag er det stor internasjonal frukost i parken på Festplassen, og same stad er det søndag gratis familiesøndag med musikk og aktivitetar. – I år har vi også draumefangarverkstad og ikkje minst ein spennande drageverkstad, der borna får lære å lage drage av Ajaz Ul Haq, som er verdas beste drageflygar, fortel ein stolt direktør.