TikTok skal inn i Noregs største datasenteranlegg


Det sosiale mediet TikTok har teke verda med storm sidan etableringa for knappe seks år sidan. Her kan brukarar dele korte videoklipp, ofte med humor, dans, matlaging og andre framsyningar.

TikTok er framleis mest brukt av den yngre garden som rømmer frå Twitter og Instagram. Det er så populært at den omstridte tidlegare amerikanske presidenten, Donald Trump ein gang forsøkte forby det – mest for å verne om dei fallande stjernene. Han lukkast heldigvis ikkje med det.

Vel Noreg for å auke sitt datalagringsbehov i Europa

Det norske datasenterselskapet Green Mountain har nyleg inngått ein avtale med TikTok for å auke deira datalagringsbehov i Europa. Dei skal difor etablere eit datasenteranlegg i Heggvin Næringspark i Hamar og Løten kommune.

Anlegget, som har fått namnet OSL2-Hamar, vert det største datasenteret i Noreg. Det skal ha kapasitet på 150 MW fordelt på fem datasenterbygg kvar med kapasitet på 30 MW. Den første bygningen skal vere ferdigstilt innan november i år. TikTok har signert ein innleiande kontrakt for tre bygg og 90 MW kapasitet, med moglegheit for å utvide opp til 150 MW innan 2025.

Datasenter er ein essensiell del av vår felles digitale grunnmur

Utan datasenter fungerer ikkje det digitale samfunnet, verken i det offentlege, i næringslivet eller for privatpersonar. Noreg har sidan 2018 hatt ein eigen datasenterstrategi for å tydeleggjere at dette er eit satsingsområde, for å bidra til auka vekst i datasenternæringa og samtidig legge tilrette for at utviklinga skal skje på ein berekraftig måte.

Dette anlegget vil bli eit stjerneeksempel på vår visjon om å setje den grøne standarden – Svein Atle Hagaseth, administrerande direktør i Green Mountain

– Ein tydeleg og målretta satsing med den nasjonale datasenterstrategien har vore avgjerande for at selskap som Green Mountain no opplever vekst og stor etterspurnad for våre tenester. Noreg har blitt sett på det internasjonale kartet som ein perfekt datasenterlokasjon seier Hagaseth, og held fram:

– Green Mountain har ein helskapleg tilnærming til å byggje og drive berekraftige datasenter. I OSL2-Hamar-prosjektet omfattar dette alt frå bruk av fornybar kraft, sertifiserte grøne bygg og varmeattbruksprosjekt. Dette anlegget vil bli eit stjerneeksempel på vår visjon om å setje den grøne standarden, seier Hagaseth.

Den største industri-investeringa i Innlandet nokon gang

Administrerende direktør i Green Mountain, Svein Atle Hagaseth, seier i kommentar til Grafen at dei ikkje ønskjer gå ut med sjølve avtaleverdien, men kan seie at felles investering av Green Mountain og TikTok på prosjekter er om lag 29 milliardar norske kroner.

I følgje Hagaseth er Green Mountain er verdsleiande med tanke på å levere energioptimaliserte datasenter, og Noreg er den optimale staden i verda i forhold til å ha datasenter med vårt våte og kalde klima som gjer at vi har fri kjøling i 350 av 365 dagar i året.

– Vi løyser kjøling med forskjellige metodar, og er tilpassa dei naturlege føresetnadane på den staden datasenteret er. Som eksempel brukar vi fjorden utanfor vårt datasenter på Rennesøy til kjøling, og som brukar om lag 3 kW for å gi tilsvarande 1000 kW av kapasiteten i datasenteret, seier Hagaseth

Han ønskjer ikkje å gå ut med teknologivala på Hamar enno, men kan sikre at senteret vil vere eit av dei mest berekraftige i verda, også på kjøling.