Geelmuyden sluttar: – No lovar eg å heie på GK frå sidelinja


Hans Geelmuyden (66) har sin siste arbeidsdag i PR-byrået Geelmuyden Kiese [GK] 31. mars i år.

Geelmuyden skipa GK saman med Jo Kiese (86) i januar 1989. Selskapet er i dag eit av dei største kommunikasjonsbyråa i Skandinavia med kontor i Oslo, Stockholm og København.

Geelmuyden selde kommunikasjonsbyrået til holdingselskapet Paritee ved årsskiftet 2021-2022, og hadde opphavleg ein avtale om å arbeide ut 2023. 

– Då Jo Kiese og eg skipa GK tenke eg at når ein først må selje arbeidskrafta si, er det fornuftig å selje den til seg sjølv. Noko skal ein jo pusle med så ein har til salt i grauten. No har eg pusla med GK i 34 år, og ser fram til å bruke skaparkrafta mi på nye prosjekt utanfor kommunikasjonsindustrien. For Rocambole er ikkje daud, seier Geelmuyden, og held fram:

– Eg har i 2022 vore oppteken av å overdra eit selskap som er «ship shape». Difor er det moro å gå ut med rekordresultat og flagget til topps. No lovar eg å heie på GK frå sidelinja, avsluttar Hans Geelmuyden.

Jonas Palmqvist, CEO i Paritee og styreleiar i GK utdjupar:

– GK-gruppa har no ein sterk posisjon. Med fornya leiarskap, partnarskap og eit sterkt eigarskap har vi skapt det aller beste fundsamentet for å ta GK vidare i både Noreg og resten av Skandinavia. 2022 var det beste året nokon gang i gruppa sin historie og det er ein laginnsats ein kan vere stolt av, seier han og held fram:

– Vi i Paritee takkar av ein bransjenestor og gründer i dag. Hans har gjennom tre årtier bidrege til å gjere kommunikasjonsfaget spennande og stovereint, og har bygd selskapet i både Noreg, Sverige og Danmark. GK er eit fagleg fyrtårn for kommunikasjon i Skandinavia og vi skuldar alle Hans Geelmuyden ein stort takk, avsluttar Palmqvist.