Lærdalstunnelen vert nattestengt for godt


Statens vegvesen opplyser at dei tilrår 12 timar nattestenging av Lærdalstunnelen på E16 når den skal oppgraderast.

Opplysningane kom fram under eit møte i dag mellom Lærdal og Aurland kommune der Statens vegvesen og samferdsleministar Jon-Ivar Nygård (Ap) deltok.

Tunnelen vart opna 27. november 2000 og har ei lengd på 24,5 kilometer, og er framleis den lengste vegtunnelen i verda. Om lag 30 % av trafikken gjennom tunnelen er tungtrafikk.

Nattestengt for godt

Oppgraderinga av tunnelen skjer for å innfri påståtte EU-krav til tunneltryggleik. Det skal blant anna gjerast oppgraderingar i ventilasjonsanlegget, sprengast fleire naudlommer og utførast elektrisk arbeid.

Statens vegvesen har tidlegare utført oppgraderingsarbeid på Gudvangatunnelen i Aurland kommune. Oppgraderingsarbeidet skulle etter planen vere ferdig i 2019, men er likevel fire år på overtid, og er ofte framleis nattestengt.

Dersom Statens vegvesen skulle følgje same framdrift med Lærdalstunnelen – som er dobbelt så lang – vert det ikkje mogleg å køyre gjennom den før år 2035-2040.

Tungtrafikk må då velje seg Hardangervidda eller Vikafjellet som permanent rute om køyringa føregår på nattetid. Personbilar kan køyre over Aurlandsfjellet som er opent nokre månader om sommaren.


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.