Vedfyring er livsviktig som beredskapstiltak


Når straumen går er det berre vedfyring som kan halde oss varme over fleire dagar. Statistikk frå NVE viser at nordmenn i snitt opplever tre straumbrot kvart år, der Innlandet, Nordland og Agder har flest straumbrot over fleire timar.

Noreg er avhengig av vedfyring for at ikkje straumnettet skal bryte saman på dei kaldaste dagane, og det er eit av dei viktigaste tiltaka for eigenberedskap vi har.

– Vi som bur i Noreg – som er blant verdas tryggaste og mest stabile land – er vant til at det meste stort sett fungerer som det skal. Vårt heildigitaliserte liv gjev oss mange nye moglegheiter, men det gjer oss samtidig meir sårbare. Klimaendringar som bidreg til meir ekstremvêr og endringar i den tryggleikspolitiske situasjonen i verda, kan føre til problem for straum, vatn, mobilnett og annan kritisk infrastruktur. Det aukar verklegheita av eigenberedskap og å ha det vi treng slik at vi er førebudd viss det oppstår ei krise, seier Agnar Christensen, kommunikasjonsdirektør i Direktoratet for sammfunnstryggleik og beredskap [DSB].

Viss straumen er vekke eller du blir isolert av vêret i fleire dagar, bør du vere rusta til å klare deg sjølv i minst tre døgn. Statistikk frå NVE viser at nordmenn i snitt opplever tre straumbrot årleg. Fleire titusen opplever at brotet varer frå nokre timar til fleire dagar. Då er vedfyring eit av få alternativ som kan gje trygg og god oppvarming i heimen.

– Dersom straumen går midt på vinteren, vert kulden ditt første problem. Og viss du er avhengig av straum for oppvarming, så må du ha ein plan B. Hars du ein vedovn og ved, så kan du halde både seg sjølv og andre varme i ein krise, eller viss du har ein gassovn beregna på innandørsbruk. Har du ikkje andre moglegheiter enn elektrisk oppvarming heime, er det tilrådd at du gjer forhåndsavtale med vener eller familie om å søkje husly der, seier Christensen.

– Ved eit straumbrot på vinterstid vert det vort kaldt viss du har kun elektrisk oppvarming. Det er også dårlege utsikter for eit varmt måltid viss du ikkje har alternativ for å varmebehandle mat. Har du moglegheiter for vedfyring, og ikkje minst eit greitt lager med tørr og vin ved, er du godt sikra, seier Brede Børud, styreleiar i Norsk Varme, bransjeforeininga for miljøvennlege eldstadar og skorsteinar.

Ni av ti nordmenn som har eldstad fyrer med det dagleg, viser ein undersøkelse av Norstat på vegne av Norsk Varme. Undersøkelsen viser også at ein av fem nordmenn har vedfyring som hovudkjelde for oppvarming.

Viss alle skulle brukt straum til oppvarming framfor vedfyring på dei kaldaste dagane i året, ville straumnettet brote saman. Vedfyring er dermed ikkje berre eit viktig tiltak for eigenberedskap, men det gjev også eit nødvendig bidrag til energiforrsyninga i Noreg.