Tårna ved Sogndal og Førde lufthamn vert drifta frå Avinors nye tårnsenter i Bodø


Torsdag 23. februar vart drifta av tårna i Sogndal og Førde lufthamn overført til Avinor sitt nye tårnsenter i Bodø, som dei første i Sør-Noreg.

– Etter overføringa av Sogndal og Førde AFIS har vi no 11 tårn i drift frå det nye tårnsenteret i Bodø, seier Jan Gunnar Pedersen, konserndirektør for flysikring i Avinor.

Han fortel atdei med dette har komme enno eit skritt vidare med etablering av verdas største tårnsenter.

– Frå Sogndal og Førde har det komme 9 AFIS-fullmektiger som har stått på og sørga for ein sikker og stabil drift ved lufthamnene, samtidig som dei har gjennomført all opplæring forut for overføringa til Bodø. Deira innsats gjennom det siste året har blitt satt stor pris på, seier Pedersen.

System frå Kongsberg Defence & Aerospace og Indra Navia

– Kravet er at den nye tenesten frå tårnsenteret i Bodø skal bli minst like sikker og stabil som før. Etter snart fire år med fjernstyrt drift har vi gode erfaringar med driftsstabiliteten. Det har vore svært få forsinkelsar med direkte årsak i den nye teknologien som er teken i bruk, noko som beviser at systemet leverer i henhold til planen, seier Pedersen.

– Vi har eit godt samarbeid med teknologileverandørane Kongsberg Defence & Aerospace og Indra Navia. Systemet dei leverer gjev oss nye moglegheiter som tidlegare ikkje har vore tilgjenge i den konvensjonelle tårndrifta. Dette inkluderer deteksjon av bevegelege objekt i luftrommet og på bakken ved lufthamnene. I tillegg har vi tilgang på avanserte kameraløysingar som gjer at vi kan yte ein sikker, stabil og effektiv tårnteneste. Dette er ein styrke for drifta av lokale tårn rundt om i landet, som vert fjernstyrt frå senteret vårt i Bodø, seier Lars Vågsdal, konserndirektør for teknologi i Avinor.

Avinor hevdar at tårnsenteret i Bodø er det største i verda av sitt slag. I dag er lufthamnene Røst, Vardø, Hasvik, Berlevåg, Mehamn, Røros, Namsos, Solvær, Sogndal og Førde ein del av tårnsenteret. I 2024 vil lufthamnene Molde, Sandnnessjøen og Leknes bli teke inn i senteret.