Dei beste tipsa til kortreist vinterferie


Er du heime i vinterferien, men usikker kva du skal finne på? DNT har mange tips til korleis du kan få feriekjensle heime.

I mange fylker er skulane sin vinterferie i full gang, medan andre må vente litt før dei kan fylle dagane med vinteraktivitetar.

Fleire av DNTs betjente hytter står klare til å ønskje folk velkomne til fjells, men Den Norske Turistforeining har mange ulike forslag til vinterferien.

– Ein treng ikkje reise langt for å få vinterferiekjensla! Veldig mange av oss bur sånn til at vi kan få ein kortreist naturoppleving utan å bruke mykje tid og pengar, seier Kristin Oftedal som er fagsjef for barn og ungdom i Den Norske Turistforeining [DNT].

– Vi håpar at mange har lyst til å ta turen ut og finne på noko morsomt i nærnaturen sjølv om ein ikkje har ferie. Det er mykje fint ein kan gjere saman med berre nokre få dagar til rådigheit, eller innimellom arbeidsdagar medan barna har skuleferie.

– Det aller viktigaste er å finne på noko hyggeleg. Difor har vi sett saman desse ulike tipsa som passar for alle. Vi veit at gode naturopplevingar tidleg i livet har ein med seg vidare, seier Oftedal.

Tips til kortreist ferie

Morsomme aktivitetar ute

Leik ute saman! DNT har samla nokre konkrete tips forå gjere turen eller utedagen morsom for alle. Dette kan gjerast på dagstur nær heime eller på hyttetur.

Turbingo

Turbingo gjev fin motivasjon for å få barna med på tur, og for å gjere turen meir spennande. Bingo er så enkelt som det kan bli: kva ser du poå turen? Kan du krysse av noko i skjemaet?

Tur-appen Kul Tur

Gratis app, laga for barn mellom 4 og 12 år der ein registrerer lengda på turen og får poeng for aktivitetar. Her kan du velje mellom 90 aktivitetar med ulik vanskelegheitsgrad både for barmark og snø. Målet er å samle nok aktivitetspoeng til å nå den virtuelle fjelltoppen.

Besøk i open serveringshytte

Det finast mange fine nærhytter som er opne i vinterferien, og kan by på blant anna bollar og kakao.

Kryss av ei ny hytte på lista

DNT har over 500 sjølv- og ubetjente hytter over heile Noreg. Mange stadar i landet er det også mange dagsturhytter du kan besøke. Sjekk muligheitene med ein lokalforeining og les om hyttene på ut.no.

Ta med middagen ut

Kvifor ikkje ta ein vinterferiemiddag i det fri? Det vert lettare å få til ein tur når ein kombinerer det med middag. Inviter med deg familie, naboar eller vener på ein skikkeleg vinterpiknikk. Sats på enkle rettar for bål  eller stormkjøkken.

Inviter til bålstund i skumringen

Gå ein tur til eit utsiktspunkt. Ha med sekk og sitjeunderlag, pledd, ved og ein termos med kakao. Kos dykk rundt bålet og sjå på stjernene. Nyt utsikten. Fortel gjerne historiar om spøkelser eller ha med ei god bok. Hugs lommelykt!