Talet på innbrot på hytter har auka etter pandemien: Dette stel hyttetjuvane


Hyttetjuvar er ikkje heilt som andre tjuvar. Lås ned den finaste vinen din før du reiser frå hytta, rår skadeførebyggjar. 

– Eg rår hytteeigarar å ta med seg eller låse ned verdisaker som dyre vinar og sportsutstyr. Hugs også å sikre gjenstandar i bodar og uthus, seier skadeførebyggjar Therese Hofstad-Nielsen i Fremtind, forsikringsselskapet til Sparebank1 og DNB.

Statistikk frå Fremtind viser at talet på innbrot på hytter har auka etter pandemien.

– Med opne landegrenser aukar risikoen for omreisande tjuvaribandar i hyttefelt, særleg i kvardagar og på hytter som ligg skjerma for innnsyn, seier førebyggjaren, som fryktar tala vil stige ytterlegare framover.

Nokre tjuvar seg seg god tid

Den vanlegaste framgangsmåten er at tjuvane bryt seg inn inngangsdøra eller knuser eit vindauge.

– Det varierer kor god tid tjuvane tek seg. Ligg hytta heilt for seg sjølv, hender det at kundar opplever at nesten alt av verdiar et stelt, eller at tjuvane faktisk har overnatta nokre dagar, seier Hofstad-Nielsen.

Sørg for at hytta ser bebudd ut

Før du låser hytta er det nokre enkle grep du bør gjere for å halde ubudne gjester vekke.

– Sørg for at hytta ser bebudd ut. Tiltak kan vere å stille utelyset slik at det går av og på, eller tidsstyre lyset inne i hytta om du har moglegheit til det. Avtal gjerne også tilsyn med hytta med nokre gode naboar, så hytta ikkje står heilt tom ut usett over lengre tid, avsluttar Hofstad-Nielsen.

Det mest populære å stele for hyttetjuvar:

  • Alkohol
  • Vertky
  • Brunevarer
  • Båtmotorar
  • Snøfresar
  • Jaktvåpen
  • Anna lausøyre av verdi