Over halvparten av elbilistane meinar lading tek for lang tid


Over halvparten av elbilistane meinar hurtiglading tek for lang tid, viser tal frå NAFs elbilmonitor.

– Antalet hurtig- og lynladarar aukar, men elbilistane forventar framleis at det skal gå raskare, seier Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgjevar i NAF.

I NAFs ferske elbilmonitor svarar 55 % av elbilistane at dei tykkjer ladinga på langtur tek for lang tid. Kun 1 av 4 meinar det går raskt nok.

Mange nyare elbilar kan ladast såpass raskt at ein halvtimes ladestopp er nok, avhengig av kor langt du skal. Det er ein pause dei fleste må ha på langtur uansett.

– Eit godt råd er å lade medan du gjer noko anna. Alle treng minst ein god og lang pause på langtur. Bruk ladepausen til å få i deg ein matbit og  slappe av litt før turen går vidare. Då er det også ein meir oppvakt sjåfør, rår Sødal.

Irriterande ladekø

Årsakane til at elbilistane tykkjer ladinga tek mykje tid kan vere fleire.

– I tillegg til at ein del opplever at ladinga går for tregt, dannar det seg fort ladekøar på utfartsdagar. Ventetid for rett og slett plugge bilen til ladaren, er irriterande, seier Sødal.

NAF meiner det framleis må byggast fleire ladarar, og fleire ladarar med høg effekt, i takt med at bilane kan lade fortare.

– Tilgjegne og rask lading er ein nøkkel for å nå dei politiske måla som er sett, nemleg at det kun skal seljast nullutsleppsbilar som nye bilar i 2025, meiner Sødal.

– Når så mange meiner lading går for tregt på langturen gjenstår det eit arbeide her, held han fram.

Vel forvarming av batteriet før hurtiglading

Dersom elbilen har system for forvarming av batteri før hurtiglading er rådet frå NAF å bruke det om vinteren. Også på kjølige sommardagar er det vel verdt å forvarme batteriet før lading.

Forvarming varmar automatisk opp batteriet før du kjem til ladestasjon.

– Er du usikker på korleis dette fungerer i din bil, sjekk instruksjonsboka eller i infotainmentsystemet, rår Sødal.

– For dei som er på jakt etter ein elbil, bør forvarming av batteriet vere på lista over nødvendig utstyr her i Noreg, avsluttar han.