Høgsterett: Ikkje tap av førarrett for promillekøyring med elsparkesykkel


Høgsterett har nyleg slege fast at promillekøyring med elsparkesykkel ikkje gjev grunnlag for tap av førarkort for bil, og at bøtenivået skal vere betydeleg lågare enn for promillekøyring med bil. 

– Høgsterett har fullt ut høyrt vår argumentasjon; promillekøyring med elsparkesykkel kan ikkje samanliknast med promillekøyring med bil, seier advokat Anders Brosveet i Elden Advokatfirma.

Les også: Lensmann Magne Knudsen tok ulovleg beslag i førarkort 

Høgsterett handsama nyleg ei sak der ein person hadde brukt ein elsparkesykkel med promille. I tingretten vart vedkommande dømt til å betale bot på kr 70 000,- og tap av førarrett for bil i 1 år. Dommen vart anka til lagmannsretten som oppheldt dommen. No har Høgsterett forkasta dommen frå tingretten.

– Høgsterett tek utgangspunkt i det generelle kravet om forholdsmessigheit mellom handling og straff som gjeld i straffferetten generelt. Ut frå dette kjem Høgsterett til at skadepotensialet ved køyring med elsparkesykkel er meir samanliknbart med køyring med moped enn bil, og at bot aleine er rett straff for promillekøyring med elsparkesykkel, seier advokat Brosveet, som prosederte saken i Høgsterett.

Høgsterett kom difor fram til at vedkommande skulle idømmast bot på kr 15 000,-, og at vedkommande ikkje mistar førarkortet for bil.