Arbeidstilsynet sine funn viser at forbod mot innleige er unødvendig


Arbeidstilsynet la denne veka fram ein rapport etter nærare 1000 tilsyn blant verksemder som nyttar bemanningsføretak. Rapporten stadfestar det som burde vore byggenæringa sin posisjon heile tida: innstrammingane frå 2019 burde fått tid til å virke.

Arbeidstilsynet fann få alvorlege tilfeller av ulovleg innleige og grov forskjellsbehandling mellom innleigde og fast ansatte. Konklusjonen til tilsynet er: «Det har skjedd ein positiv utvikling i denne bransjen dei seinare åra. Dette skuldast fleire ting. Blant anna vart det i januar 2019 innført krav om at alle arbeidskontraktar skal innehalde stillingsbrøk med spesifisert arbeidstid».

– Det er godt med faktabasert argumentasjon og Arbeidstilsynet sin rapport gjer det naturleg å stille seg spørsmålet ved grunnlaget for å innføre totalforbod i Oslofjord-regionen og dei øvrige innstrammingane i regelverket som gjeld for heile landet, seier Nina Solli, administrerande direktør for Byggenæringas Landsforening.

Solli held fram at Arbeidstilsynet sine funn stemmer godt med Byggenæringas Landsforening sine eigne erfaringar om at utviklinga går rett veg.

Opinions undersøkelse utført i april i fjor viste nettopp at grunnbemanninga i byggenæringa har auka sidan 2019.

– Ein majoritet av våre medlemsbedrifter har auka fast tal ansatte i denne perioden. Utviklinga går altså rett veg, og då er det unødvendig med sjansespel med eit så inngripande tiltak som forbodet mot innleige, seier Solli.

Alternativet til innleige er midlertidig ansettelse og auka bruk av underleverandørar

Opinions undersøkelse viser også at dei mest sannsynlege alternativa til innleige er auka bruk av midlertidig ansettelse, auka bruk av underleverandør, eller auka bruk av overtid.

– Som arbeidsgjevarorganisasjon har vi hatt lange tradisjonar for godt samarbeid i trepartssamarbeidet og vi har same mål. Hovudregelen skal vere fast ansettelse, men ein prosjektbasert næring som byggenæringa har behov for noko fleksibilitet. Totalforbodet er utarbeida utan samarbeid med oss og utan å høyre på fakta og konsekvensvurderingar, avsluttar Solli.