Vinterferie: Få varsel på mobilen om vegen vert stengt


Med appen «Vegvesen Trafikk» får du varsel når vegen må stengast eller det vert innført kolonnekøyring. Illustrasjon: Statens vegvesen.

Skal du på biltur i vinterferien? Med appen «Vegvesen Trafikk» får du trafikkmeldingar og varsling om vegen må stenge.

Vinterferie er synonymt med mykje trafikk på vegane. Mange skal køyre på vêrutsette strekningar og fjellovergangar dei kommande vekene.

– Vi forventar at mange som startar ferien denne helga køyrer allereie torsdag ettermiddag. Ferdag vil det også bli mykje utfartstrafikk, fortel Nils Karbø, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Karbø anbefalar alle som skal ut på vegen å laste ned appen «Vegvesen Trafikk».

– I appen finn du trafikkmeldingar, reiseplanleggar og livebilete frå webkamera langs vegane. Du kan også få varsling om ein veg vert stengt eller det vert innført kolonnekøyring, fortel han.

Du veljer sjølv kva geografisk område du vil ha varslingar for, og kan filtrere kva informasjon du vil sjå. Dersom du reiser ruta oftte kan du lagre området som ein favoritt.

Krevande vintervegar

Vêret er ofte utfordrande no på vinteren, og kan gjere køyreforholda vanskelege.

– Vi jobbar kontinuerleg for å halde vegar og fjellovergangar opne, sjølv om vêret er ruskete. Men nokre ganger må vi innføre kolonnekøyring eller stenge vegar for å ivareta tryggleiken til trafikantane. Med appen «Vegvesen Trafikk» kan du får varsel når det skjer, seier Karbø.

For dei som skal over fjellet vintertid anbefalar Karbø å alltid vere førebudd:

– Ta med nok klede, mat og vatn til alle i bilen. Og sørg for å ha nok drivstoff eller fullada batteri, oppmodar han.

Andre gode råd på vegen:

  • Sjekk vêr- og føremeldingar
  • Køyr etter forholda og hald fartsgrensa. Hald køen.
  • Pakk bilen rett.
  • Sørg for at bilen er i god teknisk stand.
  • Hald merksemda på vegen.
  • Stopp og sov viss du vert trøytt.

Appen «Vegvesen Trafikk» kan lastast ned i App Store for Apple-telefonar eller Google Play for Android.