Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Jonas Gahr Støre (Ap) vil endre straumstøtta til time for time, i staden for at ein snittspris for heile månaden.

Det melder regjeringa om i pressekonferanse onsdag kveld.

Ordninga trer ikkje i kraft før 1. september 2023 viss Stortinget vedtek den. Dei viktigaste endringane blir slik:

  • Ordninga med straumstøtte vert forlenga til 31.12.2024.
  • Ordninga vert lagt om: I dag vert forbrukarane kompensert på grunnlag av ein gjennomsnittspris for heile månaden. Dette vert endra til kompensasjon time for time.
  • Det vert ikkje innført ein makspris på straum.
  • Straumstøtta vert auka til 90 % over 70 øre per kilowattime også om sommaren.
  • Ordinga for bedriftene vert styrka, slik at fleire skal få støtte. Hovudgrepet med fastprisavtalar ligg fast.

Det er sett av rundt 50 milliardar kroner til støtteordninga i 2023, men kan bli mindre sidan straumprisen er mykje lågare enn den var i fjor haust.

Straumnstøtta vart sterkt kritisert i fjor blant anna fordi den kompenserte på bakgrunn av ein gjennomsnittleg elspotpris for heile månaden i staden for time for time som elspotprisen følgjer. I tillegg vart ikkje kundar med fastprisavtalar kompensert med straumstøtte og fekk rekningar på fleire titalls tusen kroner.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.