Noreg har ingenting med Nord Stream-sabotasjen å gjere


Den 8. februar publiserte den renommerte journalisten Seymour Hersh ein artikkel der han hevdar USA med hjelp frå Noreg utførte sabotasje på Nord Stream-gassledningen som går mellom Russland og Tyskland.

Dagen etter skreiv journalist-nettverket Moon of Alabama at det er fleire faktafeil i artikkelen til Hersh. Alle piler peikar på USA, men utan at Noreg var involvert.

Grafen vil også påpeike at det er heilt usannsynleg at Noreg har vore involvert i sabotasjen. Forsvaret kan ikkje utføre slik sabotasje på eigenhånd i hemmeleghald for statsministeren og Stortinget. 

Hersh hevdar at dykkarar frå den amerikanske marinen planta sprengstoff under den mykje omtalte BALTOPS-øvelsen i Østersjøen, og at dei kunne utløyse sprengstoffet frå avstand nokre månader seinare ved å sleppe sonarbøye frå eit norsk P-8-fly.

I følge offisiell informasjon, anten den er Vestleg eller russisk, var det 14 NATO-land som deltok. Russland hadde nærvær under heile øvinga med Karakurt-klasse korvetter, Russlands nyaste, og ubåtar. Det er såleis ikkje gunstige forhold til å drive med hemmeleg arbeid på sjøbotnen.

Lett å sprenge

Nord Stream-gassledningane har stål av hardaste type: 4 cm tjukke veggar som i tillegg er belagt med stålarmert betong. Kvar røyr har eigenvekt på 25 tonn. Store delar av havet der ledningane går er grunt mellom 15 og 210 meter. Sabotasjen vart utført på 75 meter djup.

Forskar ved Sjøkrigsskulen Tor Ivar Strømmen sa til Nrk tre dagar seinare at det er «enkelt» å slå hol i slike ledningar, og at det ikkje er behov for store ladningar:

– Det mest effektive er å bruke ein retta ladning. Då sler ein hol i røyret. Inne i røyret er det gass med over hundre atmosfærer trykk. Då vil eit lite brot raskt utvide seg, sa Strømmen.

Svensk politi kunne i oktober 2022 fortelje at minst 50 meter av ledninga var sprengt vekk.

I følgje Nord Stream sin offisielle informasjon er trykket i gassledningen 220 bar nærast Russland og 177,5 bar ved ankomst Tyskland. Langt over hundre atmosfærer.

Forskaren sa også at røyrene er relative lett tilgjenge for dykkarar, men meiner det var nytta ein undervatnsfarkost, frå sivilt fartøy:

– Mest sannsynleg vart det nytta eit sivilt fartøy. Ein båt med dykkarbrønn. Då kunne dei stoppe i nærleiken av røyret og sleppe ut undervatnsfarkosten utan å bli sett, sa Strømmen.

Ingen norske fly

Hersh hevda eit norsk P-8-fly skal ha slept ein sonarbøye som utløyste sprengladningen, men dette avviser oberstløytnant Eivind Byre i Luftforsvaret ovanfor Grafen:

– Påstanden om at eit P-8-fly skal vere involvert i noko slikt er fullstendig grunnlaus. Luftforsvaret har ikkje hatt flygingar i dette området i den perioden, og flytypen er førebels heller ikkje innfasa for operativ drift i Noreg, seier han.

Da Grafen spør om amerikanske fly kan ha vore involvert, svarer Byre at det må det amerikanske forsvaret svare på.

Noreg har rett nok, som både Hersh og Moon of Alabama hevdar, inngått ein forsvarsavtale der amerikanarane får flytte inn på fleire militærbasar på det norske fastlandet, opprette eigne, og fylle dei opp med utstyr. Den norsk-amerikanske forsvarsavtalen vart vedteken 3. juni 2022.

Denne avtalen har gjeve USA bruksrett og «uhindra tilkomst» til flystasjonane Sola, Evenes, Rygge og Ramsund.

I avtalen med USA har ikkje Noreg innsyn i det som skjer på basane eller kva planar dei har. Amerikanarane er heller ikkje underlagt norsk lov eller politimynde. 

Teoretisk sett kan USA reise frå Rygge flystasjon med eit P-8-fly til Østersjøen, men det ville vere veldig tungvindt og upraktisk.

Den norsk-amerikanske forsvarsavtalen er på ingen måte til ulempe for Noreg no

Noreg har i dag erstatta Russland som Tysklands største leverandør av gass, og står for heile 33 % av importen. Russland har falle ned til 22 % frå 52 % året før.

Sabotasjen på Nord Stream gir Noreg fleire tusen milliardar kroner i inntekter frå gass i mange tiår framover. Dette er milliardar vi ikkje ville sett om Nord Stream var i normal drift.

I det nysalderte budsjettet frå desember var dei totale petroleumsinntektene beregna til 1316 milliardar kroner – meir enn tusen milliardar meir enn budsjettert. Russlands angrepskrig mot Ukraina vert trekt fram som hovudårsak til den store auken.

Dersom prisane held seg på same nivå kan Noreg få inn 2000 milliardar kroner på olje og gass i 2023.