Departementet: – Alle ukrainske førarkort anerkjende i Noreg frå 1. februar 2023


Så lenge den kollektive beskyttelsen pågår er alle ukrainske førerkort anerkjende og gyldige i Noreg. Det får Grafen stadfesta. Endringane gjelder frå 1. februar 2023.

Det var i desember i fjor at samferdsleminister Jon-Ivar Nygård gav Statens vegvesen i oppdrag å utgreie om perioden ukrainske førarkort i Noreg vert anerkjende vert utvida frå tolv månader til varigheita av den kollektive beskyttelsen.

Mange ukrainarar har stått i fare for å miste retten til å køyre bil i Noreg om regelverket ikkje hadde vorte endra.

Alle ukrainske førarkort blir anerkjende – fysiske og digitale

Seniorrådgjevar i Samferdsledepartementet, Kristin Bentdal Larsen, seier i kommentar til Grafen at endringane som er fastsett inneber at alle ukrainske førarkort blir anerkjende, ikkje berre for ukrainske flyktningar som er under mellombels beskyttelse.

Larsen seier vidare at førarkorta blir anerkjende mellombels, så lenge den kollektive beskyttelsen varer.

Førebels kan ikkje ukrainsk førarkort bytast inn til norsk. Departementet kan ikkje seie noko om dette kan verte aktuelt seinare. Statens vegvesen har opplyst at dei vil følgje EU sitt arbeid og forløpande vurdere om det bør gjerast endringar.

Tidlegare var gyldigheita av utanlandske førarkort utanfor EØS-området berre tre månader. I desember fekk dei ukrainske utvida gyldigheit til å vare i eitt år. Dette gjaldt då klasse B og måtte då dokumenterast med fysisk førarkort.