Musk: – Twitter hjelpte Pentagon med kampanjar for å påverke


Tesla-gründer og Twitter-sjefen Elon Musk kom med den oppsiktsvekkjande påstanden på Twitter tysdag ettermiddag.

Han hevdar at alle [amerikanske, red. anm.] sosiale medier har engasjert seg i kraftig innhaldssensur med betydeleg involvering frå amerikanske styresmakter, og til tider eksplisitt frå regjeringsorganisasjonar. Han la til søkjemotoren Google ofte får koplingar til å forsvinne.

Musk har frigjeve ei rekkje dokument etter oppkjøpet av Twitter. Der viser han korleis plattforma samarbeida med FBI, CIA, Pentagon og andre offentlege føretak for å undertrykkje frie demokratiske val, Ukraina og handteringa av Covid-19.

Den amerikanske journalisten Matt Taibbi antyda at toppleiinga i plattforma hadde regelmessige møter med medlemmar frå FBI og CIA, der byråa gav dei lister med hundrevis av «problemkontoar» for å suspendere i førekant av valet 2020.

I tillegg til Twitter hevda Taibbi at den amerikanske regjeringa påverka alle store teknologiføretak som Facebook, Microsoft, Verizon, Reddit, til og med Pinterest.

Musk kjøpte Twitter tidlegare i år for heile 44 milliardar dollar og har sidan oppkjøpet gjeve ut dokument som kastar lys over sensurpolitikken til plattforma.

Fleire uavhengige journalistar har vist korleis Twitter undertrykte informasjon som var skadeleg for Joe Bidens valkampanje, samarbeidet med FBI for å fjerne innhald som dei ville skjule, hjelpte Pentagon med sine kampanjar for å påverke, og sensur av narrativ angåande Ukraina.